Intimkonsert på Lyngheim 18. mars kl. 19.00

Vi er veldig glade for at vi kan ønska Gabriel Fliflet velkomen tilbake på Lyngheim.  Denne gongen har han med seg Berit Opheim (song) og Joun Marie Kvernberg (fele, song).  Dei har vore på Lyngheim (riktignok i Vognhallen) før, og kjem no tilbake med ny musikk.  Det vi veit, er at vi får song og musikk av aller beste merke.

Billettprisen er kr. 300.  For at vi skal ha oversikt over kor mange som kjem, ber vi om at du reserverer billettar hos Thorolf Juvik – thjuvik@online.no. – eller på telefon/SMS til han  – 949 71 690.     Enklaste måten å betala på er å vippsa pengar til Stiftinga Lyngheim – 95680.  Du kan og betala direkte til vår konto 3633.31.79568.  Men husk å registrera deg hos Thorolf, slik at vi veit når vi må setta strek for påmelding.

Konserten startar kl. 19, men kom gjerne litt før – vi byr på kaffi og noko attåt og ein god prat frå kl. 18. Velkommen til lengting, liv og song på Lyngheim! Som vanleg minner vi om at den beste måten å koma til Lyngheim på, er til fots. 

Beste helsing Magne Brekke (tel 901 64 179) og Torolf Juvik (tel 949 71 690)

Stiftinga Lyngheim og Vener av Lyngheim

Similar Posts