konsert torsdag 2. oktober kl. 19.00
Vi er veldig glade for å kunne starta haustens intimkonsertar på Lyngheim med eit lokalt band. Og for eit band!
Saman med Knut Vidar Garlid og Øyvind Solheim tar Lyssand med seg eit kneppe av både eigne låtar og coverlåter som kjem til å sjå dagens lys på Lyngheim 2. oktober.
Trioen har med seg eit par heilt nye låtar som skal presenterast på Lyngheim denne kvelden.
Det vert eit allsidig repertoar der bandet er innom sjangrane blues, country, bluegrass og pop i løpet av konserten.
Lyssand har med seg eit arsenal av gitarar medan Knut Vidar Garlid trakterer både tangentar og bassgitar denne kvelden. Øyvind Solheim held duoen i øyrene og er stødigheten sjølv bak trommesettet.
Billettprisen er kr. 300. Astrid Dale har teke over som sjef for sal av billettar, etter at Torolf har hatt ansvaret i 10 år! Takk til Torolf! Men Torolf er med vidare – han skal framleis laga dei fine billettane. Ta kontakt med Astrid på telefon eller sms – til 926 82 933. Eller på e-post: astrid.dale@rottingoy.no. Enklaste måten å betala på er å vippsa pengar til Stiftinga Lyngheim – 95680. Du kan og betala direkte til vår konto 3633.31.79568. Men hugs å registrera deg hos Astrid, slik at vi veit når vi må setta strek for påmelding.
Konserten startar kl. 19, men kom gjerne litt før – vi byr på kaffi og noko attåt og ein god prat frå kl. 18. Som vanleg minner vi om at den beste måten å koma til Lyngheim på, er til fots.
Beste helsing Magne Brekke, Stiftinga Lyngheim og Hans Tore Røttingen, Vener av Lyngheim

