Konsert med Tim Edey 11. november kl. 19.
Velkomen til ny konsert på Lyngheim tirsdag 11. november kl. 19. Vi går frå ein gitarvirtuos til ein annan. Forrige konsert var med Steinar Lyssand. Denne gongen byr vi på nok ein gitarvirtuos frå England. Tim Edey spelar utsøkt på gitar og durspel (torader), og har mellom anna turnert med legendariske The Chieftains.
Billettprisen er kr. 300. For å sikra deg billettar, ta kontakt med Astrid Dale på telefon eller sms – 926 82 933. Eller på e-post: astrid.dale@rottingoy.no.
Enklaste måten å betala på er å vippsa pengar til Stiftinga Lyngheim – 95680. Du kan og betala direkte til vår konto 3633.31.79568. Men hugs å registrera deg hos Astrid, slik at vi veit når vi må setta strek for påmelding.
Konserten startar kl. 19, men kom gjerne litt før – vi byr på kaffi og noko attåt og ein god prat frå kl. 18. Som vanleg minner vi om at den beste måten å koma til Lyngheim på, er til fots.
Beste helsing Magne Brekke, Leiar Stiftinga Lyngheim og Hans Tore Røttingen, Leiar Vener av Lyngheim

