Utseld! Velkomen til julakonsert 16. desember 

Velkomen til ein ny julakonsert med vår lokale stjerne Gina Aspenes, tysdag 16. desember.  Vi tar sikte på at det blir ein lika stor suksess som i fjor. Ho har med seg dei same musikarane: Ole Amund Gjersvik på bass, Stein Inge Brækhus på trommer, og Christian Øvreaas på tangentar.

For å ikkje skuffa nokon med at vi er utseld, har vi sett opp to konsertar.  Den første startar kl. 18, og den siste kl. 20.30. Og vi har auka billettprisen til kr. 350.

For å sikra deg billettar, ta kontakt med Astrid Dale på telefon eller sms – 926 82 933. Eller på e-post til: astrid.dale@rottingoy.no. Hugs å gje melding om du vil på den første eller andre konserten.

Enklaste måten å betala på er å vippsa pengar til Stiftinga Lyngheim – 95680.  Du kan og betala direkte til vår konto 3633.31.79568.  Men hugs å registrera deg hos Astrid, slik at vi veit når vi må setta strek for påmelding. 

Kom gjerne litt før konsertane startar – vi byr på kaffi og noko attåt og ein god prat frå kl. 18. Som vanleg minner vi om at den beste måten å koma til Lyngheim på, er til fots.

Beste helsing

Magne Brekke, leiar Stiftinga Lyngheim og Hans Tore Røttingen, leiar Vener av Lyngheim

                                             

Similar Posts