Konsert med «Bare folk»

Velkomen til årets første konsert på Lyngheim torsdag 12. februar kl. 19.  Merk dykk at det er på ein torsdag – ikkje tirsdag! 

I fjor kom duoen «Bare Folk» fra Bergen med si første plate – «Noe tror jeg og noe vet jeg».  Den fekk strålande mottaking av journalistar og publikum, og kom i desember på andreplass  i Bergens Tidende si kåring av Vestlandets beste 2025-album.  Duoen består av Lovise Espeland og Jonathan Krabbe.  Dei spelar både viser og folkemusikk, så her får vi litt frå kvar sjanger.  Med harmoniske, originale melodiar spenner stemningen frå det melankolske til det livsbejaande. Inspirert av store namn innanfor norsk (og bergensk) visemusikk, vitaliserer Bare Folk samanhengen mellom lyrikk og musikk.

Etter å ha spela på Øyafestivalen, Josefine Visescene, i Sverige og eit utall andre små og store spillestader, kjem viseduoen til Os med både ny og «gamal» vise- og folkemusikk. 

Billettprisen er kr. 350.  For å sikra deg billettar, ta kontakt med Astrid Dale på telefon eller sms – 926 82 933.  Eller på e-post: astrid.dale@rottingoy.no

Konserten startar kl. 19, men kom gjerne litt før – vi byr på kaffi og noko attåt og ein god prat frå kl. 18. Som vanleg minner vi om at den beste måten å koma til Lyngheim på, er til fots.

Enklaste måten å betala på er å vippsa pengar til Stiftinga Lyngheim – 95680.  Du kan og betala direkte til vår konto 3633.31.79568.  Men hugs å registrera deg hos Astrid, slik at vi veit når vi må setta strek for påmelding.  

Beste helsing Magne Brekke, Leiar Stiftinga Lyngheim

Hans Tore Røttingen, Leiar Vener av Lyngheim

Similar Posts