konsert med Jaakko & Jovan, 10. mars 

Ikkje før er vi ferdig med årets første konsert på Lyngheim, så går vi vidare til neste, som er tirsdag 10. mars kl. 19. 

Denne gong er det duoen Jaakko & Jovan som kjem, med tittelen Balkan & finsk Lappland. 

Den finske kraftsongaren Jaakko Laitinen og meistertrekkspelaren Jovan Pavlovic møtest til ein energisk samansmelting av finsk balkanpop og leiken balkansk folkemusikk.   Når finsk kraft møter balkansk virtuositet blir det fest! Vi kan lova ein kraftfull kveld på Lyngheim, med rein speleglede og smittande rytmer.

Billettprisen er kr. 350.  For å sikra deg billettar, ta kontakt med Astrid Dale på telefon eller sms – 926 82 933.  Eller på e-post: astrid.dale@rottingoy.no

Enklaste måten å betala på er å vippsa pengar til Stiftinga Lyngheim – 95680.  Du kan og betala direkte til vår konto 3633.31.79568.  Men hugs å registrera deg hos Astrid, slik at vi veit når vi må setta strek for påmelding.  Husk og å merka påmeldinga om kva arrangement det gjeld.

Konserten startar kl. 19, men kom gjerne litt før – vi byr på kaffi og noko attåt og ein god prat frå kl. 18. Som vanleg minner vi om at den beste måten å koma til Lyngheim på, er til fots.

Beste helsing Magne Brekke, Leiar Stiftinga Lyngheim og Hans Tore Røttingen, Leiar Vener av Lyngheim

Similar Posts