Utseld: STEINAR OG «DET UMULIGE LANDET» 14. april
Det var ikkje alle som fekk plass på foredraget med Steinar Birkeland, så no får du ein ny sjanse tirsdag 14. april kl 19.00.
Steinar var programleiar i TV-serien «Det umulige landet», sendt på NRK første gong i 2019. Serien fekk eit stort publikum. Den fortel historier bak ferdselsvegar i Noreg, eit av dei mest uframkommelege land i verda. No inviterer vi til ein kveld i Lemstova der Steinar viser klipp og fortel nokre av sine favoritt-historier frå Det umulige landet.

Billettprisen er kr. 250. For å sikra deg billettar, ta kontakt med Astrid Dale på telefon eller sms – 926 82 933. Eller på e-post: astrid.dale@rottingoy.no.
Enklaste måten å betala på er å vippsa pengar til Stiftinga Lyngheim – 95680. Du kan og betala direkte til vår konto 3633.31.79568. Men hugs å registrera deg hos Astrid, slik at vi veit når vi må setta strek for påmelding. Skriv og kva arrangement påmeldinga gjeld.
Foredraget startar kl. 19, men kom gjerne litt før – vi byr på kaffi og noko attåt og ein god prat frå kl. 18. Som vanleg minner vi om at den beste måten å koma til Lyngheim på, er til fots.
Beste helsing Magne Brekke, Leiar Stiftinga Lyngheim og Hans Tore Røttingen, Leiar Vener av Lyngheim

