Tirsdag 5. mai: Konsert med Bruce Molsky og ALE Møller

Tirsdag 5. mai kjem to legender innan folkemusikken til Lyngheim.  Vi snakkar om Ale Møller frå Sverige og Bruce Molsky frå USA.  Ale Møller er svensk folkemusikar og multi-instrumentalist av sjeldan kaliber.  Bruce Molsky er storbyguten frå New York som blei ein av dei aller beste innan traisjonelt amerikansk felespel, med ein spesiell kjærleik for bluegrass og oldtime-musikk.  Linda Ronstadt, Mark Knopfler og Annbjørg Lien er nokre av dei mange musikarane han har samarbeidd med.

Billettprisen er kr. 350.  For å sikra deg billettar, ta kontakt med Astrid Dale på telefon eller sms – 926 82 933.  Eller på e-post: astrid.dale@rottingoy.no

Enklaste måten å betala på er å vippsa pengar til Stiftinga Lyngheim – 95680.  Du kan og betala direkte til vår konto 3633.31.79568.  Men hugs å registrera deg hos Astrid, slik at vi veit når vi må setta strek for påmelding.  

Konserten startar kl. 19, men kom gjerne litt før – vi byr på kaffi og noko attåt og ein god prat frå kl. 18. Som vanleg minner vi om at den beste måten å koma til Lyngheim på, er til fots.

Beste helsing Magne Brekke, Leiar Stiftinga Lyngheim og Hans Tore Røttingen, Leiar Vener av Lyngheim

Similar Posts