Utseld: Real Ones – 29. september
Dei som følgjer godt med har kanskje fått med seg at Lyngheim står på turnèplakaten til Real Ones 29. september.. Som vanleg har vi gått ut med informasjonen til Vener av Lyngheim først, og alle billettane blei selde på to dagar. Vi har derfor ingen billettar som vi kan legga ut for sal til alle de andre som følgjer heimesida vår. Vi skulle gjerne ha gitt dette tilbodet til fleire, men har ikkje plass!
Å få Real Ones til Lyngheim er noko vi har drøymt om, men ikkje trudd var mogeleg å få til. Vi er utruleg stolte over at dei vil legga ein konsert til Lyngheim.
Eit tips til slutt: Meld deg inn i Vener av Lyngheim, så er du sikra å bli invitert først til konsertane på Lyngheim. Send ein mail til magne.brekke@gmail.com eller på telefon 90164179, så ordnar han resten 😊

