Æresmedlemer i Vener av Lyngheim
Vener av Lyngheim og Stiftinga Lyngheim heldt sommaravslutning på Lyngheim fredag 26. juni 2026. I samband med det blei nokre av dei som har gjort ein særleg innsats for det historiske tunet på Lyngheim utnemnd til æresmedlemer i Vener av Lyngheim.
Her er dei som blei utnemnde til æresmedlemer:
Nils Georg Brekke
Jan Røttingen
Torolf Juvik
Hjørdis Juvik
Marit Steffensen
Nils Georg Brekke er den som hadde idèen til tunet, og som med stor kraft greidde å realisera det historiske tunet på Lyngheim. Utan hans pågangsmot og gjennomføringsevne hadde ikkje det vore noko historisk tun på Lyngheim.
Jan Røttingen var dugnadsleiaren på Lyngheim. Han var den som såg dei praktiske løysingane, og som greidde å mønstra ein dugnadsgjeng til felles innsats. Vi kan sei det same om han – utan Jan hadde det ikkje blitt noko tun.
Torolf Juvik har vore med i prosjektet heilt frå starten i 2008. Han sit i styret i stiftinga, og har vore styreleiar i Vener av Lyngheim frå starten i 2011 og heilt fram til nyleg. Torolf har hatt ansvar for den dagelge driften og utleige på Lyngheim.

Hjørdis Juvik har halde rosemålarahandverket i hevd på Lyngheim. Dessutan kan ein ikkje nemna Torolf utan samstundes å nemna Hjørdis. Dei har lagt ned ein utruleg innsats for den daglege drift av Lyngheim, og saman har dei vore eit fantastisk vertskap for alle som har vore innom tunet på Lyngheim.
Marit Steffensen har òg vore med i prosjektet frå starten. Marit har vore ein engasjert pådraivar for alt frå dagleg vedlikehald til det pedagogiske innhaldet i tunet. Dessutan har ho vore som eit vaktmeister for tunet, og gjort alle dei «usynlege» oppgåvene som følgjer med driften av tunet.
Saman har dei gjort ein innsats for det historiske tunet som er vanskeleg å verdsetta høgt nok, og som har vore heilt avgjerande for at tunet framstår slik det gjer i dag. Det er derfor i stor takksemd og respekt for deira innsats at vi utnemnde dei til æresmedlemer i Vener av Lyngheim.
Hans Tore Røttingen, styreleiar i Vener av Lyngheim, og Magne Brekke, styreleiar i stiftinga, stod for utdelinga av diploma, som var det handfaste beviset på æresmedlemsskapet.



