Utseld! STEINAR OG «DET UMULIGE LANDET» 7. sept
Vi har fått fleire forespørslar om å sette opp foredraget med Steinar Birkeland på nytt. Så no får folk enda ein sjanse til å få oppleve «Steinar sitt foredrag om «Det umulige landet»
Steinar var programleiar i TV-serien «Det umulige landet», sendt på NRK første gong i 2019. Serien fekk eit stort publikum. Den fortel historier bak ferdselsvegar i Noreg, eit av dei mest uframkommelege land i verda. No inviterer vi til ein kveld i Lemstova der Steinar viser klipp og fortel nokre av sine favoritt-historier frå Det umulige landet.

Billettprisen er kr. 250. For å sikra deg billettar, ta kontakt med Astrid Dale på telefon eller sms – 926 82 933. Eller på e-post: astrid.dale@rottingoy.no.
Enklaste måten å betala på er å vippsa pengar til Stiftinga Lyngheim – 95680. Du kan og betala direkte til vår konto 3633.31.79568. Men hugs å registrera deg hos Astrid, slik at vi veit når vi må setta strek for påmelding. Skriv og kva arrangement påmeldinga gjeld.
Foredraget startar kl. 19, men kom gjerne litt før – vi byr på kaffi og noko attåt og ein god prat frå kl. 18. Som vanleg minner vi om at den beste måten å koma til Lyngheim på, er til fots.
Beste helsing Magne Brekke, Leiar Stiftinga Lyngheim og Hans Tore Røttingen, Leiar Vener av Lyngheim

