12 og 13 september: Kulturverndagar på Lyngheim
Tema 2026: Kulturarv i fare
Korleis tek vi vare på den felles kulturarven vår – i ei tid der alt er i endring?
Det blir demonstrasjon av rosemåling – og høve til å prøva seg. Oddvar frå Tønnegarden kjem og visar tønnemaking. Og ikkje minst blir det fokus på Oselvaren.
Både laurdag og søndag kl. 13 blir det ein samtale om Oselvaren med NRK-profil Steinar Birkeland, oselvarentusiast Geir Jonassen og båtbyggjar Stig Salbu Henneman. Her er det førehandspåmelding til Astrid Dale på telefon eller sms til 926 82 933. Billettpris kr. 250.
Lyngheim er open begge dagar kl. 11 – 15. Gratis inngang, men billett dersom ein vil ha med seg samtalen om Oselvaren. Det blir høve til å kjøpa kaffi og lefser.
Hjarteleg velkomen. Beste måten å koma til Lyngheim på, er til fots.

