Kulturarv må brukast for å leva vidare

I helga 12 og 13. september stod tradisjonshandverket i sentrum under Kulturverndagane på Lyngheim. Årets tema var «Kulturarv i fare», og publikum fekk møta levande tradisjonar gjennom tønnemaking, rosemåling og Oselvaren.

Oddvar Gangstø frå Tønnegarden viste gamle verktøy og teknikkar frå bøkkarhandverket, medan rosemålarane demonstrerte eit handverk som framleis blir halde levande på Lyngheim.

Oselvaren fekk òg ein sentral plass. Ei fullsett Lemstove følgde samtalen mellom Steinar Birkeland, båtbyggjar Stig Salbu Henneman og Oselvar-entusiast Geir Jonassen. Eit viktig tema var korleis vi kan få nye generasjonar til å ta del i både bygginga og bruken av båten.

I rosemålar-verkstaden var det også full aktivitet. Her demonstrerte dei den tradisjonsrike kunsten, med stødig hand og vakre mønster. Og alle som ville fekk prøve seg med pensel.

For kulturarv handlar ikkje berre om å ta vare på det som var. Kunnskapen må brukast, lærast bort og førast vidare – frå generasjon til generasjon.

Takk for ei flott helg med levande kulturarv!

Similar Posts