Steinar Birkeland inviterer til forteljarkveld i lemstova

Rettshistorikar Jørn Øyrehagen Sunde er rekna som ein av landets aller fremste historieformidlarar. Tysdag 10. november kl 19.00 har du sjansen til å møte han i Lemstova, intervjua av Steinar. Jørn finn inspirasjon i dei mest ulike menneskeskjebner; barnemordarar i Hardanger på 1700-talet, så vel som kongar i Bergen på 1200-talet. Historia er eit ein spegel vi kan sjå oss sjølve i, skriv Jørn i si siste bok. 

Om sitt forhold til historia bruker han det største ordet av alle; kjærleik.

Mange vil huske Jørn frå fleire av Steinar Birkeland sine TV-program på NRK, mellom anna Det umulige landet og De siste dødsdømte. 

Møt Jørn og Steinar i samtale i Lemstova, 10. november kl 19.00

Billettprisen er kr. 250.  For å sikra deg billettar, ta kontakt med Astrid Dale på telefon eller sms – 926 82 933.  Eller på e-post: astrid.dale@rottingoy.no. 

Enklaste måten å betala på er å vippsa pengar til Stiftinga Lyngheim – 95680.  Du kan og betala direkte til vår konto 3633.31.79568.  Men hugs å registrera deg hos Astrid, slik at vi veit når vi må setta strek for påmelding.  Skriv og kva arrangement påmeldinga gjeld.

Foredraget startar kl. 19, men kom gjerne litt før – vi byr på kaffi og noko attåt og ein god prat frå kl. 18. Som vanleg minner vi om at den beste måten å koma til Lyngheim på, er til fots.

Similar Posts