Julakonsert på Lyngheim 28. og 29. november
Begeistringa for Gina Aspenes og hennar musikarvener ville ingen ende ta i fjor. Derfor klinker vi til i år og doblar talet på konsertar til fire, altså to konsertar lørdag 28. november og to konsertar søndag 29. november. Begge dagar er første konserten kl. 18.00 og siste konserten kl. 20.30. Konsertane varer ca. ein og ein halv time. Gina har med seg dei same musikarane: Ole Amund Gjersvik på bass, Stein Inge Brækhus på trommer, og Christian Øvreaas på tangentar.
Lørdag 28. november kl 18.00 – utseld
Lørdag 28. november kl 20.30 – ledige billettar
Søndag 29. november kl 18.00 – utseld
Søndag 29. november kl 20.30 – utseld
Billettprisen er kr. 350. For å sikra deg billettar, ta kontakt med Astrid Dale på telefon eller sms – 926 82 933. Eller på e-post: astrid.dale@rottingoy.no. Hugs å gje melding om kva dato og klokkeslett du vil gå på konsert. Og ikkje vent for lenge – vi blir ikkje overraska om alle 4 konsertane blir utselde!
Enklaste måten å betala på er å vippsa pengar til Stiftinga Lyngheim – 95680. Du kan og betala direkte til vår konto 3633.31.79568. Men hugs å registrera deg hos Astrid, slik at vi veit når vi må setta strek for påmelding.
Kom gjerne litt før konsertane startar – vi byr på kaffi og noko attåt og ein god prat frå kl. 17. Det gjeld òg konserten som startar kl. 20.30. Som vanleg minner vi om at den beste måten å koma til Lyngheim på, er til fots.
Beste helsing
Magne Brekke, leiar Stiftinga Lyngheim og Hans Tore Røttingen, leiar Vener av Lyngheim

