Utseld: Konsert med Bjørn Tomren

Vi åpnar sesongen med eit smell denne gongen – Bjørn Tomren. Han kjem til Lyngheim 1. februar 2024. Han treng vel ikkje noko særleg introduksjon lenger.  Etter at han vann Stjernekamp tok karrieren hans av.  Før jul fylte han Oseana med julekonserten sin.  Denne gongen fylte han lemstova på rekordtid. 

Vi har kun 40 plassar i lemstova.  Vi valde derfor å tilby billettar kun til Vener av Lyngheim – og dei vart riven bort i løpet av 24 timar. Vi var nøydd til å gjera det på den måten, ellers hadde det ikkje vore mogeleg å gjennomføra arrangementet.

Dersom du ikkje alt er medlem av Vener av Lyngheim, er du velkommen til å melda deg inn.  Ta kontakt med Torolf Juvik på tlf. 949 71 690, så ordnar han det  Då stiller du først i køen på neste konsert.

Similar Posts