Byggetradisjon: RØDLANDHUSET

«Eneboligen for hvermann» – prototypen på det norske ferdighuset

Nils Georg Brekke, Fortidsvern 1962

Rødlandhus frå tidleg i 1950-åra – etterkrigsfunksjonalismens første typehus. Frå Moberg i Os. Foto Nils Georg Brekke

Kven skulle tru at ein del av kampen mot EF (EU) i 1962 vart finansiert med inntekter frå Norges første etterkrigstypehus? Mannen bak slagordet: «Nei til salg av Norge» – byggmeister og siviløkonom Arthur Rødland – er også mannen bak «Rødlandhuset», eit av funksjonalismens tidlege typehus. «Det er mitt beste slagord!» Han var ein meister i fyndige formuleringar.

Sett i eit historisk perspektiv har det vore lansert mange typehus i Norge heilt frå 1800-åra, med standardiserte husteikningar for ulike bruksområde, som gardshus, prestegardar og arbeidarbustader. Det var ei god attåtnæring på  Osterøy på 1700-talet med opptømring av ulike typar hus – for eksport til Bergen etter dei mange brannane og til dei ulike bygdelaga både nord og sør for byen – som byggjer på dei same prinsippa i teknologisk samanheng, men det er funksjonalismens typehus etter krigen som skaper det omgrepet vi i vår tid kallar «typehus» eller «ferdighus».

I den vanskelege perioden på bustadmarknaden etter siste krig såg eit nytt produkt dagens lys: den standardiserte, rimelege einebustaden på eitt plan. I 1952 kom Arthur Rødland på marknaden med sine «Moderne eneboliger» og «Eneboligen for hvermann» – rimelege hustypar til faste prisar innanfor Husbankens knappe arealrammer. Her vart faktisk den protoypen lansert som – med ei stor mengde variantar – har vore eit førebilete for ferdighus fram til vår tid: asymmetrisk fasade og ei funksjonell planløysing, med «alt på eitt golv» og eit panoramavindu i sofakroken.

Dette er funksjonalismens gjennomslag i norsk byggeskikk: husets ytre avspeglar den indre funksjonen. Det fører til eit brot med ein århundrelang byggetradisjon – symmetrisk fasade og planløysing, inspirert frå byens skikk – men Rødlandhuset representerer likefullt ei interessant vidareføring av den norske trehustradisjonen.

Dei første åra var Rødland åleine om dette produktet. Desse nye einebustadene  vart marknadsførte under firmanamnet «Rasjonelle Trehus». Nokre år seinare, i    eit fargerikt husprospekt frå 1961 – «Moderne eneboliger» – finn vi produktnamnet «Rødlands Typehus», med presentasjon av plan, snitt og fasadar og ei imponerande liste over faste, spesifiserte detaljprisar på alle leveransar.

Her får vi også, i konsentrert form, litt av det idemessige programmet for Arthur Rødlands rimelege einebustader; ein klar parallell til arkitekten Olav Selvaags idear om rasjonell og sosial bustadbygging:

«ENEBOLIGEN FOR HVERMANN»

Den frittliggende enebolig i en etasje er en særlig rimelig og rasjonell boligform. Sammenlignet med eneboligen i 1 ½ etasje hvor det besnærende heter at en også får nyttet loftsplassen, men hvor en hører mindre om trappegangen og innvendige bærevegger o.l. – eller med tomannsboligen og rekkehuset med murte skillevegger og trappeforbindelse innen leiligheten, er den enetasjes enebolig i lett bindingsverk en bolig som har den absolutt hurtigste byggemåte og den billigste pris. Sammenlign så med de bomessige fordeler: Alt på ett gulv, lys fra alle sider, kontakt med terrenget og den økte mulighet for privatliv. Det er derfor naturlig at denne boligform fortrenger andre og mindre gunstige alternativ: tomannsboligen og rekkehuset.

Rødlandhuset vart såleis svaret på dei knappe arealgrensene i Husbanken og etterspurnaden etter rimelege bustadhus – eit produkt av økonomi og funksjon. 

Det var statsbankane sine lånerammer og kravet til rasjonell husproduksjon som etter Rødland sitt syn danna dei viktigaste føresetnadene for dei nye hustypane – meir enn ein isolert påverknad frå «funkis-stilen» i mellomkrigstida. 

Men ser vi dette i eit lengre historisk perspektiv når det gjeld utviklinga av den norske byggeskikken, er det sjølvsagt funksjonalismens idear om sosial bustadbygging og ein ny, nøktern arkitektur som ligg bak. 

Den asymmetriske, funksjonalistiske villaen frå 1930-åra, industriarkitekturen, blokkbygginga – alle desse arkitekturformene utgjer etterkvart eit svært så konvensjonelt stilideal – ein ringverknad av Bauhaus-idealismen i Tyskland i    1920-åra og funksjonalismens sentrale slagord: »form follows function».

Det er likevel interessant å leggja merke til at Rødlandhuset i sitt ytre er relativt    lite prega av funksjonalismens stilkonvensjonar, bortsett frå den asymmetriske fasaden. Eksteriøret er ei vidareføring av saltaket og det liggjande trepanelet i vest-norsk bygningstradisjon. Dette understreka Arthur Rødland i våre mange samtalar. 

Sett i dette perspektivet kan vi nok seia at Rødlandhuset representerer ein nøktern funksjonalisme innanfor knappe arealgrenser, men like fullt med plass for viktige estetiske detaljar.

Det er særleg på to punkt at etterkrigstypehuset skil seg ut frå dei eldre bygnings-tradisjonane: eit definitivt brot med det symmetriske prinsippet i fasaden – ein konsekvens av den nye planløysinga – og den låge takvinkelen: loftet er borte. Dette var faktisk eitt av Arthur Rødlands gode argument; det var like rasjonelt å leggja litt til på lengda av huset og få alt på eitt golv, som å byggja einebustader i  ein og ein halv etasje. Og nettopp «Gjenreisingshuset» like etter krigen var ein slik enkel halvannanhøgda hustype

Rødlandshus for privatfinansiering, med romslegare arealnormer frå slutten av 1960-åra – eit nøkternt hus med eit harmonisk eksteriør, prega av god produktutvikling.

Her kom Arthur Rødland inn med sine tankar om at einetasjes bustadhus måtte kunna byggjast svært rimeleg. Med bakgrunn frå Myking i Lindås, der bestefaren dreiv som byggmeister, hadde han sjølv fått si tømrarutdanning før han byrja på Norges Handelshøyskole i 1946, og broren Karl Rødland gjekk inn i det nye firmaet Rødlandhus som tømrar. Og då Arthur var ferdig med økonomistudiet, sysla han stadig med tankar om rasjonell husproduksjon, og han har også vorte påverka av arkitekten Odd Brochmanns idear om sosial bustadbygging. Som – i tillegg til svenske og finske standardhus og ikkje minst Olav Selvaags hus – skulle dekka den store etterspurnaden etter bustader.

Sine første hus teikna Rødland ut sjølv – 12 ulike typar – med visse faste mål som utgangspunkt: ein smal rektangulær huskropp med gunstig bjelkespenn og system for avstiving – «det har vært bygget smale hus i Norge siden vikingtiden» – og med dimensjonar og proporsjonar som kunne tillata høg grad av standardisering i val av materialar, med bygningar som var lette å plassera i ulike terrengsituasjonar i – sol, lys og luft – som er idear vi kjenner frå den tidlege funksjonalismen. Men Rødland er her tydeleg på vektlegginga av dei norske trehustradisjonane.

Rødlandhuset var ikkje eit prefabrikert ferdighus, men eit hus bygt på staden av lokale byggmeistrar, med stor grad av standardisering og faste prisar. Det er vel nettopp dei faste – og låge – prisane som forklarar Rødlandhusets gjennomslag i 1950-åra. Det var husbyggjaren som skulle få del i fortenesta med eit rimeleg hus, ikkje store entreprenørfirma. I ein reportasje i bladet «Alle kvinner» i 1956 blir det understreka at dette er eit hus som også vanlege folk kan ha råd til å skaffa seg –  ein einebustad til 41.000 kroner: 

Ein av dei klassiske plantypane i Rødlands typehuskatalog frå 1950-åra – prototypen for eit utval av variantar over same tema.      

                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                «Arthur Rødland heter arkitekten som står bak huset til Almestads. Familiens hus er en av de 12 forskjellige eneboliger denne bergensarkitekten har lansert som typehus. Arkitekt Rødland bygget de første for tre år siden, nå er det grodd opp en rekke 3hus av denne typen i Bergens omegn … Efter hvert som husene ryktes rundt om i landet, kom det forespørsler fra flere kanter, og Arthur Rødland har nå gitt ut en bok som gir full oversikt over de 12 eneboligtypene med nøyaktige opplysninger om priser, plan-løsninger og veiledning for selvbyggere. Den koster 29 kroner. Med denne boken i hånde n skulle enhver «husamatør» kunne sette i gang og ha noe konkret å holde seg til overfor håndverkerne og andre fagfolk.»

Og så seint som i 1969 hadde Dagbladet ein reportasje om ein rimeleg einebustad i Bærum for 62.000 kroner – eit Rødlandhus.

Så kan vi stilla oss spørsmålet om kva utvikling som ligg bak Rødlandhuset i eit bygningshistorisk perspektiv. Det er interessant å sjå korleis dei nye ideane gradvis gjer seg gjeldande i byggeskikken utover på bygdene. I midten av 1930-åra finn vi tohøgda hus med tradisjonell planløysing og fasade prega av funksjonalistiske stilideal, med hjørnestilte vindu. 

Etter krigen dukkar det opp hus med tradisjonelt eksteriør, symmetrisk plasserte vindu og eit «koffertloft» – men med «moderne» planløysing: stor stove i husets fulle breidde, kjøkken og soverom på same plan. Og det er denne planløysinga Arthur Rødland no standardiserer i sine nye låge, langstrekte eittplanshus: «En Husbank-enebolig der plassen er godt utnyttet». Men lett var det ikkje å laga ei god planløysing på 75 kvadratmeter, som også kunne møta ideelle krav frå publikum.

Soga om Rødlandhuset er historia om funksjonalismens gjennomslag i norsk bygge-skikk. Som prototypen for det norske ferdighuset har det, saman med floraen av typehus frå 1960- og 1970-åra, sett sitt preg på det vestnorske kulturlandskapet, i like stor grad som 1800-talets lemstover og tidlegare hundreårs røykstover. 

I dag ligg problemet sjølvsagt i at vi mange stader tydeleg kan sjå at typehusa har prega kulturlandskapet alt for sterkt. Vi må nok innrømma at dagens bustadfelt, med hus som det er lett å assosiera med femti like «langebrød» liggjande i rekkjer, ikkje er eit spesielt vakkert innslag i landskapet.

Samanlikna med vår tids ekstravagante, og til dels klisjeprega, effektmakeri i ferdig-hussektoren, framstår likevel Rødlandshuset som eit nøkternt hus, prega av enkel funksjonalisme. Typane frå slutten av 1960-åra, med litt romslegare arealnormer, har også på mange område eit uttrykk av god produktutvikling.

Ferdighuset er først og fremst eit kapittel om veksande velstand. Ei god historie   på folkemunne fortel meir enn mange ord: Ein fiskeskipper frå Austevoll sette seg opp eit Rødlandhus i 1950-åra. Så slo det til med godt fiske, og han fann ut at han ville byggja litt på huset. I dag fungerer dette Rødlandhuset som eit bislag til den nye einebustaden til fiskeskipperen.

Det høver vel eigentleg godt inn i dette biletet, at mannen som utvikla etterkrigs-funksjonalismens første typehus, bygd på norske trehustradisjonar, innanfor eit utprega sosialt bustadprogram, også var ein moderne nasjonalist, engasjert i den aktive kampen mot innmelding i EU. «Nei til salg av Norge – det er mitt beste slagord!», sa Arthur Rødland i 1962.

Kanskje kan det også vera eit lite moment til ettertanke, at vår tids debatt om post-modernisme eigentleg er litt for unyansert. Den fangar ikkje opp, i tilstrekkeleg grad, den viktige skilnaden mellom det ytre formspråket, «neo-historisme», og den figurative utforminga av den funksjonsbestemte forma. Tilbakevending til eit meir figurativt formspråk i arkitekturen treng ikkje bety det same som å forlata den gode, funksjonelle forma. 

Mange av dei tankane som i dag gjer seg gjeldande om det regionale uttrykket i arkitekturen, har ein del å gjera med vidareføring av visse sider ved den norske trehustradisjonen – det gjeld både former og fargar – ikkje ein leik med formkopiar og historiske motiv. Ein slik regionalisme – som ferdighusa i vår tid lett kan bli oppfatta som litt motstridande mot – har samanheng med fleire djupareliggjande strukturar i byggeskikken; element som meir går på funksjon og sosiale verdiar enn på det ytre formspråket. 

Denne interessa for den norske trehustradisjonen vil eg karakterisera som ny-funksjonalisme. Men det er eit anna tema.