Årskavalkade 2018

Lyngheim 2018

Det største enkeltprosjektet i 2018 har vore starten på bygginga av rosemålarverkstaden. Tømrarlinja ved Os Vidaregåande Skule står for bygginga i tett samarbeid med ABO Plan & Arkitektur AS og stiftinga sin eigen byggekomité. Tett hus vart markert med kranselag i desember 2018.


(Foto: Os & Fusa posten)

 

Det har vore mange små og store arrangement på Lyngheim i løpet av 2018. I juni vitja Vesterheim Museum frå Decorah, Iowa Lyngheim.

I samband  med marknadsdagane på  Osøyro vart det arrangert Ole Bull-dag på Lyngheim.  Nils Økland og Sigbjørn Apeland spelte, og Mari Lyssand heldt foredrag om Ole Bull. Det var ein magisk kveld ved fjorden – i strålande vèr.

 

 

Foto: Torolf Juvik

Nils Georg Brekke ble 11.august 2018 tildelt
Urnesmedaljen.
Medaljen er Fortidsminneforeningen sitt offisielle hederstegn. Grunngjevinga var Brekke sin årelange og omfattande innsats for norsk kulturminnevern.
Styreleiar Margrethe C. Stang i Fortidsminnforeningen sto for overrekkinga.

Les meir om Urnesmedaljen og om Nils Georg Brekke sin innsats på Fortidsminneforeningen sin nettside.

 

 

 

Stiftinga og Vener av Lyngheim var med og markerte Kystsogevekene og Kulturminnedagane i september, i samarbeid med Os Sogelag, Fortidsminneforeininga Os lokallag og Os kommune ved kultureininga. Det var utstilling av rosemåling og Osrosestrikk i ei veke.  Utstillinga vart opna av varaordførar Laila Reiertsen.

Kulturvernforbundet kåra arrangementet til vinnar av Kulturminnedagprisen 2018.

 

 

 

 

 

                                                                                ( Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

 

Det vart arrangert 3 konsertar på Lyngheim i 2018.
I tillegg til Ole Bull-dagen i juni, som er omtala over, var det også ein konsert på våren og ein om hausten.

Den fyrste konserten dette året vart arrangert i mars.Vi fekk besøk av to venninner frå Shetland og Skottland som kallar seg Blyde Lasses – det tyder blide jenter på shetlandsmål.
Claire White høyrer til den indre krets av det pulserande felemiljøet på Shetland. Syng gjer ho og – fint, nakent og rett fram.
Frances Wilkins kjem fra Skottland og er ein av dei beste utøvarane på det vesle trekkspelet concertina.

 

Det var Lisa x 2 frå Sverige som gjesta Lyngheim i oktober. Lisa Rydberg er både barokkmusikar og felespelar, og har m. a. gleda mange med sitt prosjekt Bach på svenska samen med organist Gunnar Idenstam. Lisa Långbacka er musikar og prislønt komponist og Årets dragspelare 2015! Saman er dei Lisas, med eit lågmælt, sofistikert og intenst samspill. Moderne kammermusikk med svensk folkemusikk i botnen.

 

Lemstova har vore brukt i samband med historiske foredrag, og det har vore ope hus for turgåarar fleire sundagar. Da er det høve til å kjøpe kaffi og vaflar.

I desember vart det arrangert juleverkstad for born i alle aldrar. Det vart laga gamaldags julepynt.

 

 

 

Os Spelmannslag brukar lemstova som fast øvingslokale kvar veke.

Lemstova har elles vore nytta jamt til konfirmasjonar, barnedåpar og andre arrangement.