Båtbygging

Oselvaren er ein trebåt som var svært vanleg langs sørvestkysten av Noreg i mange hundre år. Båttypen vart bygd rundt heile Bjørnafjorden, i dag er det berre Oselvarverkstaden som tek vare på tradisjonen. Oselvaren har hatt ein utvikling som går flere tusen år tilbake i tid, og båten viser tydelege likhetstrekk med både Halsnøybåten (ca. år 300 e. Kr.) og Gokstadfæringen (ca. 900 e. Kr.) På 1800-talet var oselvaren den dominerande småbåttypen langs heile Hordalandskysten, og etter den store omveltinga i fiskeria kring førre hundreårsskifte, då fiskarane byrja ta i bruk større båtar som dei sette motor i, var det berre Os og Strandebarm som overlevde som båtbyggjarbygder i Hordaland. Oselvaren er ein smekker robåt, mjukt bygd av tynne materialar og berre tre bordgangar. Han har vore kjend som ein særs lett robåt og snøgg seglar, og i tillegg som ein trygg båt.

Takk til Sparebanken Vest for støtte til formidling av handverk i Bjørnafjorden. Filmen er laga av Ruben Soltvedt