Byggjetradisjonar

Bygdene kring Bjørnefjorden – den gamle Os kommune og Tysnes – er sentrale handverksbygder i fjorddistriktet, med god furuskog og dyktige båtbyggjarar, husbyggjarar, tønnemakarar, treskomakarar og rosemålarar. Den lange lemstova frå Indre Tveit, som vil inngå i det historiske tunet på Lyngheim, er samansett av ei stavbygd skykkje, stove, eldhus, bu og sval – eit vestlandsk langhus med mange funksjonar under eitt tak. Bygningen vart flytt frå Ytre Tveit i 1858, frå det tunet der Annanias Tveit seinare slo seg til med rosemålarverkstaden sin.

Og medan båtbyggjarane og husbyggjarane representerer hand- verkstradisjonar frå mellomalder og vikingtid, kjem rosemålarane sin høgkonjunktur på 1700- og 1800-talet. Målinga på vestkysten, i Os og Fusa og Samnanger, har si blømingstid mot slutten av 1800-talet – ein av dei interessante seintradisjonar i Europa, i perioden før det moderne industrisamfunnet og fotografiapparatet tar over og skaper heilt nye visuelle kommunikasjonsformer. Utan tvil har handverksby- gda Os inspirert mange – gjennom mange generasjonar.