Annanias Tveit

1847 – 1924

Annanias Tveit kom til verda 19. juli 1847. Far hans, Nils, kom frå Tveiterås i Samnanger, der dei hadde vore rosemålarar i fleire ættledar. Han kjøpte eine bruket på Midthus, Møs, som me seier, og tok namn etter garden, som skikken var. 

Annanias kom i lære hos far sin, slik Ola Lio, som seinare tok namnet Midtbø, hadde gjort nokre år tidlegare. Ola og Annanias utvikla stilen til Nils vidare, til det som seinare har vorte kalla Os-målinga. Dette er ein eigen stil innan rosemålinga, og ein av svært få rosemålartradisjonar som overlevde ubroten gjennom 1800-talet.

I 1872 kjøpte Annanias eine bruket på Tveit, og tok namn etter garden. Som faren dreiv han gjerne med husmåling sommarstid, medan rosemålinga var vintersyssel. I 1873 fekk han oppdraget av Ole Bull å måla Villa Lysøen. Eit svært arbeid på eit hus med tårn og karnapp og mykje pynt. Seinare rosemåla han òg eit barnerom på Lysøen, til Sylvea, barnebarnet til Ole Bull. 

Rosemålinga vart etter kvart heiltidssyssel. Ei tid på 1890-talet sat han hos ein møbelhandlar i Bergen og måla møblar, som kom til å pryda mang ein borgarskapsheim i Bergen. Han vart fast leverandør til Husfliden i Bergen, og han selde òg til andre landsdelar. Roser frå Annanias si hand vart spreidd over store delar av landet, og dei fann òg vegen utanlands.

Midt på 1890-talet flytta han heim att til Tveit, og tok til å ta inn læregutar for å ta unna den aukande etterspørselen. Han laga seg til rosemålarverkstad i kårhuset på garden, og på ein tjueårsperiode lærde han opp nær tjue unge menn i kunsten, og berga såleis handverket for ettertida. Mellom dei var Peder Rød, som sonen Annanias lærde kunsten av, og som i sin tur vart lærar og inspirator for ein heil generasjon rosemålarar, mellom dei dotter hans, Torunn Rød Farsund og Hjørdis Juvik.

Annanias Tveit gjorde seg òg gjeldande som politikar. Han sat i heradsstyret i til saman 22 år, av dei éin bolk som varaordførar og ti år i formannskapet. Det var han som tok initiativ til å flytta det som vart kommunehus frå Molda til Osøyro. Dette prakthuset, som i dag heiter Det gamle kommunehuset, står no og prydar Kyrkjeflaten. 

Det er likevel som rosemålar han fyrst og fremst vert hugsa, han som saman med faren og Ola Midtbø utvikla Osmålinga, han som gjorde rosemålinga stoverein for det penare borgarskapet, han som sytte for at nye generasjonar lærde kunsten og kunne føra han vidare.

Annanias Tveit døydde  heime på Tveit 31. januar 1924.