Rosemaling og Osrosa

 INNBYDING side 1

Prydmålinga i den norske folkekunsten er i særleg grad karakterisert ved rytmiske fargekomposisjonar med eit stort koloristisk spenn – roser på blå botn, på raud botn og på kvit botn. Det er telemarkingane som driv den rytmiske kalligrafien lengst i sine mange parafraser med ”smøygde” roser som har sitt utgangspunkt i variasjonar over den greske akantusranken. Hallingdølane var meistrar i fargerik blomemåling som byggjer på blomebarokkens store repertoar av roser og liljer på 1600- og 1700-talet, og begge desse tradisjonane er impulskjelder for målarane i fjordbygdene ved Bjørnefjorden. Dei smeltar saman og skaper ein ny stil prega av rytme og kalligrafi med fargerike roser, liljer og fabelblomar. Dette er fargekomposisjonar som på sitt beste har ein samklang med folkemusikkens krullar og forsiringar av musikalske tema, men som også på mange måtar står dei frie folkelege musikkformene nær: jazz, blues og country.

To av dei fremste målarane i Bjørnefjordsbygdene, Ola Lien Midtbø og Annanias Tveit i Os, viser mange av desse trekka og impulsane i si måling, medan andre av målarane kring 1900, som Johannes Skaathun frå Fusa, er prega av stiltrekk mot slutten av 1800-talet, med folkelivsskildringar av Oselvar på fjorden ramma inn av Art Nouveau-roser (framsida).

Rosemålarverkstaden på Tveit i Hegglandsdalen kring 1900-talet. Frå venstre Nils Tveit, Torbjørn Tveit, Ivar Navarseter frå Sogn og Nils Nestås frå Voss.

Rosemålinga i hegglandsdalen

Då Annanias Tveit kjøpte det ytste bruket på Tveit i 1872, var det ledige tufter i tunet etter ei lemstove som var flytta til indre Tveit i 1858. I utskiftingsprotokollen kan vi lesa at «Oles stue og bod skal flyttes til ny tomt inde ved Hatlene», og her stod stova til ho vart flytt til Lyngheim. Då Annanias overtok ytre Tveit, fekk han tak i to gamle stover som han sette opp på dei tomme husgrunnane, og i desse stovene hadde han sin rosemålarverkstad gjennom mange år, fram til 1920-åra.

I det historiske tunet på Lyngheim er det sett opp eit nytt bygg ved sida av lemstova. Dette er ein kopi av rosemålarverkstaden på Tveit, som i dag er heilt ombygd og påbygd som bustadhus. Huset gjer eit godt bilete av bygningen slik han stod i tunet på Tveit i 1907, noko som gav eit godt utgangspunkt for ein rekonstruksjon rosemålarverkstaden. Her har Hjørdis Juvik verkstad i den austlege stova, og i den vestlege stova er det rom for rosemålarkurs med opp til 12 deltakarar.