Årskavalkade 2017

Lyngheim 2017.

Det største enkeltprosjektet i 2017 har vore legging av heller på taket av den grindbygde skykkja.

 

 

Ungane sang og hjelpte ordføraren med snorklippinga

 

Det største tiltaket i 2017 var ferdigstilling av friområdet og opninga av parken på Lyngheim i samarbeid med Os kommune. Opninga fann stad 11. juni, og det var ordføraren i Os, Marie Bruarøy, som stod for den høgtidelege opninga

 

 

Kjekt å prøve klatrestativ og trampoline i parken

 

 

To klasser frå Os barneskule var med på opninga og bidro
med song. Veret var grått og vått, men is som betaling smakte likevel godt.

 

Gen.sekr. Pål Djuve frå Folkeakademienes Landsforbund overrekte ein gåvesjekk og ei stikling frå ein stikkelsbærbusk frå 1923 til den planlagde bærhagen på Lyngheim.

 

 

Mellom gjestene var representantar for Extratrastiftelsen (Fondet for helse og rehabilitering), Gjensidigestiftelsen og Folkeakademienes Landsforbund.
Alle hadde løyvd midlar til prosjektet.

 

 

 

 


Det har vore arrangert 4 konsertar på Lyngheim i 2017.

I februar var det kortreist musikk med Myrna Braza og Tom Tom (Thomas Haugland).
Myrna er ei av dei fremste musikarane i landet i genren soul.

 

 

 

I april vitja den svenske folkemusikkduoen Hazelius Hedin Lemstova. Dei presenterte musikk med song og ulike instrument som cister, oktavmandolin, gitar og  nyckelharpa.

 

Konserten i september var med Berit Opheim og Gabriel Fliflet. Dei er to markante musikarar som har følgd kvarandre i tretti år, arbeidd i lag i ny og ne, og sett spor kvar for seg. Berit Opheim frå Voss er ein av landets finaste vokalistar. Dei framførde vakre folketonar og tradisjonelle salmar, med eit tilskot melodiøs musikk som Gabriel har laga.

 

Julekonsert og juleverkstad i desember
Eirin Røykenes er vår fremste folkesongar i Os,
og saman med Hilde Kristin Gjerstad frå Bergen  framførde ho
nokre av våre kjæraste julesongar.

 

 

 

Andre aktivitetar

Os Spelmannslag brukar lemstova som fast øvingslokale annakvar veke.

 Lemstova har elles vore nytta jamt til konfirmasjonar, barnedåpar og andre arrangement.

 

Med midlar frå “Den kulturelle spaserstokken” inviterte Stiftinga Lyngheim  ei gruppe heimebuande eldre til samkome i Lemstova i mai.
På programmet sto orientering om stova, kulturelt innslag, drøs med kaffi og vaflar.

 

I samarbeid med Os Internasjonalen Skulptursymposium som vart arrangert i Os frå 26. juni 2017 vart deltakarar og andre inviterte til samkome og mat i Lemstova på Lyngheim 1. juli.

Os kommune har i budsjettet for 2018 sett av eit tilskot på kr. 250.000 til bygging av ein rosemålarverkstad på Lyngheim. Hordaland fylke har løyvd kr. 250.000 til den innhaldsmessige delen av ein ny rosemålarverkstad.
Stiftinga har og motteke ei rekke større og mindre tilskot frå støttespelarar.