Lemstova frå Hegglandsdalen

Lemstova frå bruk 1 på Tveit i Hegglandsdalen.

Ola Olson Gåssand (f. 1822) vart gift til Tveit i 1843. Då stod bygningane på dei to bruka i lag i fellestunet på ytre Tveit. I 1858 vart det halde utskiftingsforretning, der jorda vart delt i nye teigar mellom dei to bruka, og bygningane på det eine bruket vart flytt til indre Tveit. Jordskifteleiaren har i utskiftingsprotollen skrive inn følgjande: «Oles Stue og Bod skal flyttes til ny Tomt inde ved Hatlene».  Og her vart stova ståande i over 150 år, til 2009, då bygningen vart teken ned og flytt til Lyngheim.

I tunet på ytre Tveit vart det ståande att husmurar etter den stova som vart flytt ut, og då målar og rosemålar Annanias Midthus kjøpte dette bruket i 1872 og tok namnet Tveit, fekk han tak i to eldre stover som han sette på desse grunnane og brukte som rosemålarverkstad for læregutar i handverket gjennom mange år.

Det huset som vart flytt frå tunet til ny tomt på indre Tveit i 1858, var ei røykstove samanbygd med ei bu med lem over, med ei stavbygd skykkje i gavlen av stova og eit eldhus mellom stova og bua. Då var det ulik mønehøgd mellom stova og bua. I 1899 vart huset ombygt. Taket vart teke av røykstova, som hadde vore open til mønet med ljore i taket, og det vart lagt på eit par omfar med tømmer og lagt lem over stova, som då vart til ei lemstove, med eit langt tak lagt over heile huset. Den stavbygde skykkja i gavlen av stova fekk skukk med inngang frå den nye stovelemmen, som vart soveplass for husets folk, medan skukken vart verkstad. På bualemmen var det høgare under taket – her var det sengeplass for gjester –  fordi bua er litt lågare, og litt smalare, med plass til ei langsval på sida. I 1899 var det grue med pipe i eldhuset, og det var sett inn jernomn som erstatta den gamle røykomnen i stova. Det vart også murt pipe og sett inn omn i bua.

Og slik er bygningen i dag. Eldhuset, som på 1900-talet vart avdelt som kjøken med gang, er ført tilbake til 1899, med hellegolv og grue, og det har fått ny innreiing etter eldre førebilete, men med moderne standard. Det er sett inn eit toalett i enden av langsvala ved sida av bua, og i den stavbygde skykkja mot aust, der stavane vart skøytte på då stova vart høgare.

Det er mellomalderens form og plan vi ser i denne lange lemstova: Skykkje, stove, eldhus og bu med langsval, alt under eitt tak.