Vener av Lyngheim

Historisk er Os ei handverksbygd, med mange fine handverk frå 1800-talet. Båtbygging, husbygging og rosemåling var viktige attåtnæringar i dagleglivet. I lemstova som no er gjenreist på Lyngheim, blir ein del av den rike kulturarven teken vare på. Samlingsstaden kring den store grua i eldhuskjøkenet gir oss eit nærbilete av livet kring den opne eldstaden, av gamle handverkstradisjonar og den fargerike biletverda i rosemålinga.

Det ligg utfordringar framfor oss – derfor treng vi fleire med på laget. Lyngheim er ein fin møteplass og samlingsstad både inne og ute, i solveggen mot fjorden.

Vil du vere med?
Medlemskap kostar kr. 350,- pr. år.
Familiemedlemskap kr. 400,- pr. år.

Medlemsavgifta kan betalast til konto 3633.32.74277, merk tydelig med namn.

Har du spørsmål, ta kontakt med leiar Hans Tore Røttingen, mobil 977 59 736, e-post: ht-roett@online.no

Vener av Lyngheim vart stifta 8. sept. 2011
Styret i 2025:

  • Hans Tore Røttingen, leiar
  • Marit Steffensen
  • Helga Tønjum
  • Bergljot Lyssand Bjørø
  • Franzie Lerch
  • Torolf Juvik (vara)
  • Jørgen Blix (vara)