Rosemålar-verkstaden

11. juni 2022: Hjørdis Juvik, Erik Vangsnes og Torunn Rød Farsund opnar Rosemålarverkstaden på Lyngheim.

11. juni 2022 vart Rosemålarverkstaden offisielt opna. Kultursjef i Bjørnafjorden kommune, Erik Vangsnes, sto for opninga.
Styreleiar for Stiftiga, Magne Brekke fortalde om arbeidet som har vore gjort for å få verkstaden på plass. Verkstaden skal nyttast til kurs og undervisning om mellom anna rosemåling så tradisjonane kan førast vidare. Hjørdis Juvik og Torunn Rød Farsund blir sentrale i dette arbeidet saman med Nils Georg Brekke

Rosemålarverkstaden slik han står i dag, er ein replika av verkstaden til Annanias Tveit. Den opprinnelege verkstaden er frå 1907, medan denne vart offisielt opna 11.juni 2022.

Bygget inngår som ein naturleg del av Det historiske tunet på Lyngheim. Rosemålarverkstaden skal vera ein arena for å ta vare på denne historiske målartradisjonen i Midthordlandsbygdene, og inngår såleis som ein del av dei regionale kulturtradisjonane på Vestlandet.

Verkstaden er ein stad for vern og vidareføring av det gamle kunsthandverket  gjennom kursverksemd, opplæring og formidlingsprogram for barn og unge. Os Vidaregåande skule har utført tømrararbeidet som ein del av sitt undervisningsopplegg, og dette er også eit verdfullt bidrag til finansieringa av prosjektet.

Bjørnafjorden kommune har løyvd kroner 250.000. I tillegg har prosjektet fått bidrag frå fleire private sponsorar, mellom anna Trond Lekven og Knut-Jarle Aspenes. Trond Lekven har også vore ein viktig pådrivar for å få ferdigstilt rosemålarverkstaden, gjennom å skaffa materialar og handverkstenester. Sist, men ikkje minst, har Vener av Lyngheim gjort ein stor dugnadsinnsats.

Les meir om Rosemålarverkstaden her