Årskavalkade 2019

Lyngheim 2019

Det største prosjektet på Lyngheim i 2019 var vidareføring av arbeidet med rosemålarverkstaden som vart starta i 2018.Tømrarlinja ved Os Vidaregåande Skule har stått for bygginga i tett samarbeid med ABO Plan & Arkitektur AS og stiftinga sin eigen byggekomité. Innsatsen vart markert med ei samkome i mai for elevane som hadde vore med på arbeidet. Takk for veldig godt arbeid under leiing av Koldal frå Os VGS.

 

 

Det har vore mange små og store arrangement på Lyngheim i løpet av 2019.
Stiftinga og Vener av Lyngheim var med og markerte Kulturminnedagane i september.
Det var leikar for born på Lyngheim og jazzsaksofonisten Marius Neset heldt dobbelkonsert med fullt hus kvar gong.

I slutten av oktober vart det arrangert kulturdialog støtta av Herkjembjørnafjorden-fondet.

I samband med samanslåinga av Os og Fusa til Bjørnafjorden kommune ville vi sjå oss litt tilbake. Vi inviterte Ella Marie Brekke Vangsnes og Nils Georg Brekke til ein kulturdialog, der dei med utgangspunkt i historia spurde seg kva som skil og kva som sameinar dei to kommunane.  Til opning var vi så heldige å få Njål Vindenes frå Fusa til å halda ein minikonsert med musikk for klassisk gitar.

Intimkonsertar

Det har vore arrangert konsertar på Lyngheim i 2019:

Januar:
Bandet Stampestuen er sett saman av røynde musikarar.
Våren 2018 kom debutalbumet «Brev fra Amerika». Bandet valde ut eit knippe skillingsviser og folketonar som kvar på sitt vis fortel historia om den norske utvandringa til Amerika.

 

 

Mars:

Gjensyn med Gabriel Fliflet, Berit Opheim og Jorun Marie Kvernberg på Lyngheim.
Alle hadde vore på Lyngheim før, men ikkje samstundes.
Songen Himlaleite ga namn til denne konserten med nylaga, poetisk musikk av Gabriel Fliflet.  Kjartan Fløgstad står sentralt, men det var og tekstar av andre forfattarar.  Konserten var starten på ein turne, og vi var stolte over at dei hadde lagt urframføringa til Lyngheim.

 

 

Oktober:


Denne gongen hadde vi henta ei av dei beste folkemusikkgruppene frå Sverige til Lyngheim!  Den svenske folkemusikkgruppa Väsen er eit unikt samarbeid mellom tre virtuosar: Olov Johansson på nøkkelharpe, Mikal Marin på bratsj (stor fiolin) og Roger Tallroth på gitar.

 

Desember:

Julekonsert på Lyngheim!  Vi fekk besøk av ein trio frå Rogaland som har eit program dei kallar «I denne søde juletid».  Dette var ein annleis julekonsert.  Vi fekk høyra tradisjonelle julesalmar frå Rogaland.

Medverkande:
Åshild Vetrhus – folkesong
Andreas Ulvo – piano, tangentar, song
Morten Barrikmo – klarinettar, song

 

Lemstova har vore brukt i samband med historiske foredrag, og det har vore ope hus for turgåarar fleire søndagar. I slutten av november vart det arrangert juleverkstad.

 

Os Spelemannslag brukar lemstova som øvingslokale kvar veke.

Lemstova har elles vore nytta jamt til konfirmasjonar, barnedåpar og andre arrangement.