Hjørdis på rosemålarverkstaden

Film og foto av Ruben Soltvedt

I 2023 fekk Hjørdis Juvik tildelt Kongens fortjenstmedalje for eit omfattande og samfunnsnyttig arbeid innan kulturbevaring og kulturformidling. Hjørdis har heilt sidan 60-talet vore kurshaldar i rosemåling. Dette i tillegg til hennar eiga målarverk-semd. I tillegg til kurs for vaksne, har ho også undervist klassar på fleire av skulane i Os. Ho har opplegg som gjer at alle elevane får til noko, og slik inspirerer og motiverer ho dei til å gå vidare.

Frå store arbeid med rosemåling på møblar, har Hjørdis også utvikla kompetanse med miniatyrmåling på små skrin og på møblar til eit dokkehus. Det er imponerande korleis penselføringa er mogleg i så lite format, samstundes som Osrosa blømer i hennar utforming av Os-målinga.

Film og foto: Ruben Soltvedt. Takk til Sparebanken Vest for støtte til formidling av handverk i Bjørnafjorden.