Nils Georg Brekke

Mykje av æra for at Stiftinga Lyngheim fekk sjå dagen lys ligg hos mannen bak tallause bøker, artiklar, hefte og andre publikasjonar. Formidlar, forskar, forfattar og folkeopplysar: Nils Georg Brekke (f. 1938). Brekke vart slått til riddar av St. Olavs orden i 2019. Dette var ei, ifølgje kongehuset sine nettsider, «belønning for utmerkede fortjenester for Norge og menneskeheten».

Nils Georg Brekke har i meir enn 50 år vore ein framifrå formidlar innan tema som kulturhistorie og kulturlandskap. I tillegg til å vera idéskapar, redaktør og medforfattar av dei trendsetjande bokverka Kulturhistorisk vegbok (1993) og Folgefonna og Fjordbygdene (2008),  har han vore ein av pådrivarane for viktige vern- og formidlingsinstitusjonar som HavråtunetOselvarvarkstadenNorsk KulturarvLyngheisenteret og Stiftinga Lyngheim. Han har sidan 2003 og fram til 2023 vore professor i arkitektur- og bygningshistorie ved Bergen Arkitekthøgskole, m. a. med ansvar for årlege ekskursjonar til Vik og Vikøyri i Sogn.

I det siste har Brekke arbeidt med rosemålarkunsten og det folkelege biletspråket i ei bok om «Roser og liljer», og saman med Gunnstein Akselberg har han utforma forprosjektet for eit kulturhistorisk atlas med stadnamnleksikon. Han har også hovudansvaret for kunnskapsportalen GRIND ved Universitetet i Bergen – om landskap og livsmiljø.

Brekke starta si yrkeskarriere i 1968 som universitetslektor i kunsthistorie. I 1969 vart han tilsett som Hordalands første fylkeskonservator, i 1993 vart han direktør for Kulturlandskapssenteret ved Hordaland fylkeskommune (no ”Seksjon for kulturbasert verdiskaping”), og han avslutta med to år som professor II i Kulturvitskap ved Universitetet i Bergen.

Foto: Torolf Juvik
Frå tildelinga av St. Olavs Orden i 2019

Tidleg i 1970- åra vart Brekke ein av deltakarane i det tverrfaglege Lindåsprosjektet ved UiB, som gjennomførte eit omfattande program for utforsking og dokumentasjon av lyngheilandskapet i Nordhordland. Lyngheisenteret på Lygra er eit resultat av denne forskinga. Brekke utarbeidde i samarbeid med kollegaer ved UiB forprosjektet for senteret, som blei opna i 2000. Senteret er blitt eit viktig og nyskapande utviklingsprosjekt i europeisk målestokk.

Frå midten av 1980-åra arbeidde Brekke fram konseptet for Kulturhistorisk Vegbok. Boka utkom i 1993 og opna ein ny sjanger innan kunnskapsformidling.

Hordaland fylkeskommunes Kulturlandskapssenter vart etablert i 1993 – med Brekke som direktør og fagleg hovudansvarleg. Parallelt med dette forvaltningsarbeidet, arbeidde han som forskar på fritida, med særskild vekt på byggeskikk og folkelege prydtradisjonar. Mykje av Brekke sitt forskingsmateriale har han med raus hand brukt i dei store formidlings- og kunnskapsbøkene, som Kulturhistorisk vegbok og boka om Folgefonna nasjonalpark.

Kjelde: Universitetet i Bergen

Dette skriv Nils Georg Brekke om sitt møte med Olav H. Hauge 1993:

Den finaste opplevinga i arbeidet med Kulturhistorisk vegbok var vitjinga hjå diktaren i Ulvik, Olav H. Hauge. Eg hadde førebudd  meg omhugsamt for å spørja den aldrande poeten om høve til å nytta nokre av hans vakre dikt som inngang til vegboka – ei bok for alt folket:

Det er den draumen me ber på

at noko vedunderleg skal skje

at det må skje –

at tidi skal opna seg

at hjarta skal opna seg

at dører skal opna seg

at berget skal opna seg

at kjeldor skal springa –

at draumen skal opna seg,

at me ei morgonstund skal glida inn

på ein våg me ikkje har visst um.

Og då eg hadde framført mitt ynskemål, fekk eg ei stor overrasking. Diktaren i Ulvik reiste seg og bukka djupt og sa: «Det vil vera ei stor æra».