Ole Bull og folkekunsten

LYS_EN31 (copy 2)

Ole Bull, folkemusikken og folkekunsten

I 1849 henta Ole Bull den vidgjetne meisterspelaren frå Telemark, Myllarguten, inn til hovudstadens konsertscene i Oslo og let folkemusikkens slåttar og springarar tona ut til eit stort publikum. Dette innleier nasjonalromantikkens sentrale periode i Norge, og Ole Bull vart ståande som ein av nasjonalromantikkens frontfigurar.

Ole Bull henta inspirasjon frå mange av spelemennene på Vestlandet, særleg på Osterøy, der apotekarfamilien Bull hadde sin sommarstad. Men også dei folkelege handverkstradisjonane i treskurd, vevkunst og rosemåling fanga nasjonalromantikkens interesse, og då Ole Bull i 1873 bygde seg sitt eige sommarhus, fabelvillaen Lysøen, på Lysøya i Os, nytta han lokale handverkarar.

For å få måla den nye villaen tilkalla han målarmeister Annanias Tveit, som også var ein av dei fremste rosemålarane på vestlandet. Og her kan vi sjå eit sjeldsynt kulturmøte, mellom fiolinvirtuosen og nasjonalromantikaren Ole Bull og folkekunstnaren Annanias Tveit, som utvikla Os-stilen til eit høgdepunkt, med fargerike roser og arkitektur. Frå Lysøen tok Tveit med seg motivet av den maleriske villaen, med førebilete i eit tysk xylografi. Dette motivet brukte han på ei rekke av sine fargeglade kister, det er eineståande verk i europeisk folkekunst.

Lyngheim_4stk_A2.1 (copy)  Rosemala kiste (copy)