Tidlegare arrangement

400

Vi har i løpet av året ulike arrangement i regi av Tunet.
Her vil du kunne oppleva konsertar, familiedagar, litteraturarrangement, kulturformidling, juleverkstad, ope hus og tradisjonshandtverk. Arrangementa vil også bli annonsert i lokalpressa og på fjesboka: http://www.facebook.com/Lyngheim

Ver merksam på at det ikkje er allmenn parkering på Lyngheim, berre etter avtale.

 

 

Tirsdag 18. april 2023: Intimkonsert på Lyngheim

Foto Gabriels Novgorod live_1

Denne gongen fekk vi besøk av Gabriel Fliflet og hans band Novgorod. Gabriel treng ikkkje noko nærare introduksjon for publikumet på Lyngehim.  Hans store musikalitet og underfundige humor kjenner vi godt frå før. Men Novgorod har ikkje vore på Lyngheim før. Bandet består forutan Gabriel av David Chelsom Vogt (fele, sang), Kristoffer Chelsom Vogt (kontrabass, sang) og Jørgen Sandvik (gitar, sang).  Vi kan lova dykk ein fartsfylt kveld full av god humør og smittande speleglede.

Tirsdag 21. mars 2023  intimkonsert på Lyngheim 

Austestad Meisfjord Pressefoto

Vårens første intimkonsert med duoen Austestad/Meisfjord.  Hans Martin Rundberg Austestad kjem frå Eikelandsosen og har bachelor og mastergrad i utøving frå Norges Musikkhøgskule og Universitetet i Agder. Han er songar, låtskrivar, banjoist og produsent med ein rekke utgjevingar og prisar bak seg. For tida arbeider han med å nytolke norsk og amerikansk folkemusikk på femstrengsbanjo.
Sondre Meisfjord kjem frå øya Frei rett ved Kristiansund. Han er ein meister på kontrabass, spelar og har spela med kritikarrosa grupper som Gjermund Larsen Trio, Come Shine, Erlend Viken Trio og Kari Bremnes. Dei framføre eit variert repertoar av lokal og regional folkemusikk, folk, og nokre sjølvskrivne viser, framført med kontrabass, banjo, gitar og song.                                               

Utstilling i rosemålarverkstaden på  Lyngheim

Fredag   3. februar – sundag 5. februar 2023. I samband med at Hjørdis Juvik er blitt tildelt Kongens Fortjenstmedalje, viste vi døme på rosemaling, glassmåling og diverse anna i rosemålarverkstaden.

Tysdag 13. desember 2022: Julekonsert på Lyngheim

Winckel

Julakonserten på Lyngheim, var denne gongen med meir kortreiste musikarar enn det vi vanlegvis byr på. Vokalgruppa Winckel frå Bergen og Os byr på ei upretensiøs konsertforestilling spekka med vokaleri som både kan gira deg opp og stressa deg ned i førjulsstria. Dei kombinerer humor og god forteljarteknikk med vokalmusikk av høg kvalitet.
Winckel er i dag etablert som den leiande vokalgruppa på Vestlandet og består av Myrna Braza, Guro Dugstad, Elin Hestenes og Kristine Bjånes  – fire musikarar med lang fartstid i vokal- og musikkbransjen, som artistar, ensemblesongarar, solistar, stemmepedagogar og dirigentar. I tillegg har dei med seg Thomas Haugland, som står for lyden (og er osing han òg).

Tysdag 18. oktober 2022:  Intimkonsert på Lyngheim

Bukkene nytt foto tatt av Knut Utler

Det var ei stor glede for oss å invitera til haustens første intimkonsert med desse tre legendene – Annbjørg Lien, Arve Moen Bergset og Steinar Ofsdal.  Både Annbjørg Lien og Arve Moen Bergset var landskjende stjerner før dei blei tenåringar, ho på hardingfele og han med kveding.  Steinar Ofsdal spelar på alt av fløyter.  Saman kaller dei seg Bukken Bruse.
Bukkene Bruse har gjeve ut fem album, har vunne Spellemannpris og motteke Prøysen-prisen. Trioen fekk turnéar i inn- og utland, og musikken tok dei verda rundt frå Kina til dei amerikanske sørstatane. Dei vart utnevnde som offisielle OL-musikarar for OL på Lillehammer 1994.

 

Tysdag 26. april 2022: konsert i Solbakkestova med Mames Babegenush

Pressebilleder af Mames Babeganush, september 2019. Foto: Dennis Lehmann

Vårens første intimkonsert.  Denne gongen valde vi å legga konserten til Solbakkestova – stova til Arne og Vidar Bratlund-Mæland, Solbakken 14, Os.
Orkesteret er sett saman av 6 menn, og det er rett og slett ikkje plass nok til eit så stort band i lemstova.I deira musikk møtes nord og øst.  Sterke skandinaviske røtter smelter saman med skrudlande dansemusikk frå Østeuropa. Dei er kjent som eit forrykande live-orkester som alltid sprer glede og begeistring.

Tysdag 19. oktober 2021: Intimkonsert på Lyngheim

Vi fekk besøk av ein duo som er sett saman av ein så sjeldan instrumentkombinasjon som harpe og bandoneon (eit lite trekkspel – ser ut som ein torader).
Det var syskenparet Julie og Andreas Rokseth som kom på besøk. Musikken er inspirert av keltisk og skandinavisk folkemusikk, samt argentinsk tango. Publikum snakker om ei særegen melankolsk glede etter å ha opplevd konsertar med duoen.

 

Tysdag 7. september 2021 : konsert i fjellhallen på Solstrand Hotel & Bad

Ingebjørg mfl

Åsmund Nordstoga (bror til Odd), Sarah Jane Summers og Ingebjørg Lognvik Reinholdt presenterar dialektoversettingar av den skotske folkediktaren Robert Burns sine populære tekstar, på originalmelodiane frå den skotske songtradisjonen.  Med seg har dei Juhani Silvola på gitar og Morten Kvam på bass.

 

 

Tysdag 4. mai 2021: Intimkonsert i Vognhallen

Trio Alde av Thor Haukenes

Intimkonsert – etter ein lang pause.  Dette var vårt bidrag til gjenopninga av Noreg!
Av omsyn til smittevernet hadde vi valt å flytta konserten til  Vognhallen.  Der er det betre plass og lettare å følgja reglane som gjeld for denne type arrangement. Det blir ikkje like intimt som på Lyngheim, men vi må innsjå at lemstova ikkje er bygd for Korona.
Tre av dei mest fargesterke folkemusikarane våre: Gabriel Fliflet (trekkspel, piano, song), Berit Opheim (song) og Jorun Marie Kvernberg (feler, song m.m.) har laga ein ny trio – Trio Alde.

 

Tysdag 18. februar 2020: Intimkonsert på Lyngheim

Vårens første intimkonsert på Lyngheim var med  tre unge kvinner frå Danmark som kallar seg Vingefang. Repertoaret er ei blanding av skandinaviske tradisjonar, franske balladar og brasilianske rytmar.

Medverkande:
Lene Høst – vokal, gitar, piano, perkusjon
Maja Freese – vokal, cello
Miriam Ariana – vokal, fele, bratsj, perkusjon