Tresko og treskoarbeid

Av Annanias Lien, frå «Osingen» utgjeven av Os Mållag 1987

Tekning av Bernt Kristiansen

«Tripp trapp tresko, skit i dine lersko», lyder ei gamal barneregle. Dette seier vel noko om kva treskoen tydde for det gamle bygdesamfunnet og korleis vanlege folk såg på slike som ville vera litt finare enn andre og giekk med lersko til kvardags.

Treskoen vart brukt alle stader, i fiskebåten og i floren, på åkeren og i skogen. Strilane på Torget i Bergen gjekk i tresko, borna gjekk på skulen i tresko, og ein gamal mann fortalde meg for 50 år sidan at dei gjekk til dans i tresko. Men då heiv dei treskorne av seg og dansa på berre sokkeleisten, og det var ikkje mykje att av sokkane heller når dansen var slutt. Dei var lette å trø nedi når dei gjekk ut, og endå lettare springa utav om du måtte springa etter kalvane.

Treskoarbeid i kvarmanns stova

Nils Tveit fortel i bygdesoga at etter segna skal treskolaginga ha byrja på Tysnes. Kva tid det kom til Os veit me ikkje, men i slutten av 1700-talet finn me i gamle skrifter at treskoverkty var vanleg pà gardane. Etter 1800-talet var det kome so langt at stabben og treskokrakken stod i kvarmanns stova, og både mannen sjølv, sonene hans og drengen sat med treskoarbeidet om vinterkveldane. Dei selde mykje treskor både til dei ytre bygdane og til handelsmenn i Bergen. Prisen treskogravarane fekk då var 2-3 sjeling for pa-ret, og dei rekna materialprisen for å vera ein femtepart av utsalsprisen. Dette høver heilt med det som er fortalt frå mellomkrigstida. Då fekk gravaren 80 øre til 1 krone paret, og materialprisen var 20 øre paret.

God attatinnkoma

Økonomisk hadde det nok også mykje å seia for bygda. Nils Tveit fortel at ein skogforvaltar Skadsem granska desse tinga, og fann ut i 1891 at det var seld kring 80 000 par tresko for året ut av bygda, prisen då var 20-25 øre paret. «I 1920 var det 70 mann som dreiv treskoarbeid pa gamlemåten, ved handarbeid, i Osbygda. Dei fleste hadde det som attåtnæring. Kor mange par desse treskomakarane laga for aret, veit me ikkje. Men reknar me kring 500 par for året, vert det mellom 30 og 40 tusen par, og til ein pris av 1, – til 1,50 kroner paret, vart det framleis ei lita innkoma for bygda av treskoarbeidet.»

Fredrik Abrahamson Lunden (seinare Heggland) fødd 1855 var treskogravar heile sitt liv til han var over 90 ảr. Bilete frả kring 1930.

Medan murarar, bygningsmenn og malarar ofte måtte ut til andre bygder eller byen og gjerne vera borte store delar av året, hadde treskogravaren arbeidet sitt heime pả garden, og kunne difor nytta kvar time han kunne ta seg fri frå gardsarbeidet.

«Emne – gut! Det lyt du ha»

Først laut dei til skogs å henta treskoemna. Det var mest furu som vart brukt, men einskilde gravarar kunne også bruka andre tresortar t.d. older. Mange av treskogravarane hadde skog sjølve, men andre hadde lite eller ingen so dei matte kjøpa eller byta til seg materialen. Det var heller ikkje alle som hadde hest på dei små bruka sine, og Fredrik A. Heggland, som no er over 80 år, seier det slik: «Frå eg var 12 til eg hadde fylt 16 år var eg mykje med i treskokjellaren, men det var berre etter at treskoen var tilhoggen at eg gjorde mitt arbeid. So var eg med i skogen om vinteren og fekk fram materialar, å kjøra timber var eit triveleg arbeid, men ofte kaldt. Hestelåna vart betalt med at eg også kjørde for dei som eigde hesten.»

Det aller beste var å få tømmeret heim etter kvart dei hadde bruk for det, for «stu-rå» treskoemne var mykje lettare å grava utor enn slike som hadde lege turka og var vortne harde og seige i veden. Berre det å kappa stokkane i passeleg lengde var eit ansvarsfullt arbeid. Det var viktig å få nytta alt på beste måte, det måtte vera minst mogeleg å hogga vekk nảr emna skulle formast til tresko.

Skonummer etter augnemål

Tresko frå Havråtunet på Osterøy. ©Museumssenteret i Hordaland

Dei hadde eit eige lag med øksa desse karane. Enden av økseskaftet kvilde heile tida mot same punktet på høgre låret, både når dei hogg og når dei letta øksa opp att. Å ha to eller tre bøter på bukselåret, kanskje med ulik farge på kvar bot, vitna berre om at mannen hadde vore flittig ved treskostabben.

No skulle skoen få skapet sitt. Storleiken var avgjord ved kappinga, no var det forma, hælen, og utsjånaden. Breidda måtte svara til lengda, botnen og hælen litt å slita på utan at skoen vart alt for tung. Her var det berre augnemålet å lita på, og dette ymsa nok litt frå den eine til den andre gravaren.

Treskoen formar seg

Treskokrakken vart teken fram, og den tilhogde treskoen sett fast med kilar. Krakken er ei litt tjukk trestamma som det er saga eit hakk i i eine enden, ca. 12-15 cm breidt og med beine kantar. Vel desimeteren djup i enden, og 30 grader skråning til null. Her vert skoen kilt fast, og er det ein liten sko må det både «flatkile» og vanleg kile til for skoen sit fast nok. Gravaren set seg over krakken med «sjylpen» og ei tung hamar for no skal det lagast plass for foten. Sjylpinga er tungt arbeid og det tek si tid, men det er dette arbeidet unggutane, som skal verta treskogravarar, forst får prøva. Når han so har hogge ut det han kan ta med sjylpen, flyttar han skoen over i den andre krakken som er laga av ein passe breid planke med fire bein under og med eit hol i kvar ende, eit som passar til smà og eit til store skor. Det må gjerne vera ein «låke»til å smetta ned attmed skoen for at han skal sitja godt fast. No skal det lagast plass for tærne. Først eit hol fram gjennom tåa med «treskonavaren», for sidan å utvida det med «stuboren» og «treskoskjæra».

Finarbeidet til slutt

Dette er berre grovarbeidet, finarbeidet syter gravejarnet og til sist slettejarnet for. Men han skal slettast utanpå og, bringefjøla og bandakniven må hentast fram. Gravaren set seg på krakken, stemmer treskoen fast mellom låra og bringefjøla og slettar dei etter hogginga med bandakniven, som er ein kniv med handtak i både endar, og er difor lett og god å arbeida med. Med tolekniven slettar dei so overkanten på skoen, tek vekk skarpe kantar, og heilt til slutt var det «dekorasjonen» eller kanskje rettare; gravaren sitt «varemerke», ei eller to render langs kanten på skoen framme på rista, skorne med tolekniven. Her hadde gravarne ulike mønster, så det var råd å sjå på skoen kven som hadde laga han. Siste operasjonen var tjørebreinga – og so var skorne ferdige til å bruka eller selja.

Øvst frå venstre: Bandakniv, øks, tollekniv og sjylp.
Under: Treskonavar, stubor, to gravjarn, to slettejarn og heilt til høgre treskoskjæra.

— krev godt verkty

Godt verkty er halve arbeidet, og skulle dei hogga og grava 8 til 10 par tresko for dagen, nytta det ikkje med verkty som det ikkje sto bet i. Difor reiste dei gjerne lange vegar for å koma til ein god «betjarnssmed», for å få knivar, økser og treskojarn av beste slag. Og dei var varsame med betjarna sine. Ei tilpassa trehylse vart ofte tredd ned over skjæra pa treskojarna når dei ikkje var i bruk.

Lang Handelsveg

I seinare år vart treskorne sende til byen med rutebåt eller lastebil, men det har ikkje alltid vore so lett. Lars T. Hjemdal fortalde at bestefar hans, som var fødd i 1855, hadde bore mang ein treskosekk på ryggen frå Hjemdal via Krokvatnet og Gåssand – Søfteland og til Bergen, eller dei bar sekkene til Liastøo og rodde til «bydn». Liakarane var med og bar og fekk tresko som betaling.

Slik var det nok i dei andre krinsane i bygda og, det var nok å bera det på ryggen eller à ta det i båten. Me finn det nemnt fleire stader i bygdesoga at osingane rodde og sigla til Bergen. Det var andre ting óg dei kanskje måtte reisa etter.

Lerskoen tek over

I mellomkrigstida, etter elektrisiteten var komen til bygda, vart det sett i gang fabrikkar for å laga tresko. Ein på Søfteland og ein i Hatvik. Her var det motor-driven kappsag, øksa bytt ut med kopieringsmaskin, sjylpen med ein fres og treskonavaren og treskoskjæra med elektriske borar, berre slettinga gjekk for seg på gamlemåten. Desse fabrikkane gjekk vel fram til 50-60 talet, so vart det jamnt slutt. Søftelandsfabrikken brann ned og vart ikkje atterreist, og den i Hatvik er no riven for å gje betre plass på ferjekaien.

No er det slutt pả treskogravinga i bygda vảr. Ei 3-4 hundre ar gamal grein av yrkeslivet i bygda er borte. Men det var eit yrke som hadde so stort verd for byg-desamfunnet vảrt at det er vel verd à hugsa.

Skriftlege kjelder:

Nils Tveit: Os soga, fyrste band s. 193-201.

Fredrik A. Heggland.

Elles har Lars T. Hjemdal gjeve meg dei fleste reine arbeidstekniske opplysningane.