Arbeidsliv i Osbygdi

Nils Tveit, Bygdesoge for Os 1932

Jordbruket har sjølsagt skapt det meste arbeidsliv i Osbygdi. Frå den aller fyrste tid da folk tok til med jordarbeid og til idag hev den verksemd som er knytt til jordi skapt arbeid for dei fleste hender i bygdi.

Det arbeidsliv som vedkjem jordi hev arta seg mykje på same måte i vestlandsbygderne, og det er ingen nemnande skilnad på dette i Osbygdi og dei ymse grannebygder. I ein annan bolk er nemnd ymse um jordbruket si soga og framvokster i Os, og ein tarv difyr ikkje taka noko av det upp at her. Når ein i denne bolken vil nemna eit og anna or arbeidslivet si soga vil det difyr mest gjelda det arbeid som hev vore og er i bygdi utanum den verksemd som er knytt til jordi og gardsdrifti.

I eldre tider var kvar mann både gardbrukar og handverkar. Alt som skulde gjerast på garden greidde mannen og huslyden sjølv. Dei laga sjølv sine våpen, reidskap. kjerald, klær, sko og kva som trongst i huset og på garden. Mannen var sin eigen smed, snikkar, skreddar, skomakar, o. s. b. Berre når det var retteleg storarbeid på tunet, t. d. husbygnad, måtte mannen ha hjelp, og det fekk han av grannane. Dei heldt dugnad på arbeidet. Men for dette hjelpte mannen grannane att når dei hadde storarbeid for seg. Ein tore soleis segja at kvar mann var sjølvhjelpen på garden.

Men um kvar mann soleis t. d. var sin eigen smed, so var ikkje alle like gode smedar. Sume kunde giera framifrå arbeid, medan andre var lite dugande i smidja. Det kunde henda at ein mann synte sers givnad til å arbeida våpn. Han vart namngjeten for dette, og andre som ogso vilde hava gode våpn fekk han til a arbeida åt seg. Han vart våpnsmed. Ein annan mann synte sers dugleik i å laga kjerald, ein tridje i å laga husbunad, måtte ogso arbeida til andre og vart arbeidsfolk, handverkarar.

Smått um senn vaks det på denne måten fram eit arbeidsliv, som femnde vidare enn berre arbeidet for huslyden og på garden. Det vart eit arbeidsliv som ogso skapa vara for byte og for handel.

Ein finn ikring landet mange minne etter dei gamle nordmenner sitt arbeidsliv. Dei syner jamt eit utifrå godt og vænt arbeid og mange ting, – ein treng berre nemna Gokstad og Osebergskipet, er enno synlege vitnemål um dei gamle sin kunstnargivnad.

Vi hev i Os lite og ikkje minne um dei gamle osingar sitt arbeidsliv utanfyre gardsbruket. Dei ting som enno er att frå gamal tid, frå kyrkja, frå Lysekloster og andre stader, er vel ikkje laga av bygdefolk. Men me tore likevel tru at det ogso hev vore eit godt gamallt arbeidsliv i Os, sjølv um dei trange tilhøve i bygdi gjorde at arbeidet her ikkje fekk syna sovore resultat og setja sovorne minne etter seg som i mange andre bygder.

Etter det ein kann skyna var det trearbeidet som serleg vaks fram i Os. Skogen stod tett og tjukk ikring gardane, so ein slapp gå langt etter vyrke. Kva ting som vart laga veit me no lite um, men truleg var dei av ymse slag. Det var ikkje lang veg til Bergen, og byfolket trong mykje og mange slag trevaror. Og tvo greiner av dette trearbeidet som hev gamal rot i Osbygdi hev halde seg og er livslivande den dag idag: Båtbygnaden og treskoarbeidet.

Som ei bygd der mest alle grender ligg til sjøen hev Osbygdi alle dagar havt bruk for båtar. Og båtar vart då ogso ein av dei ting som osingane arbeidde sjølv, so mange som bygdi trong. Men ikkje berre det. Osbåtane var gode og det vart spurnad etter dei frå andre bygder. Dei fekk selja båtar til dei ytste Hordalandsbygderne, der folket dreiv mykje med fiske, og til Bergen. Me finn soleis at det i fyrsten av 1500 talet vart send båtar til Bergen frå Os. Og då hollendarar og skottar tok til a henta timber andre trevaror frå Sunnhordlandsbygderne fekk osingane ogso selja båtar til desse. Det var ikkje berre på einskilde gardar i bygdi at dei laga båtar. Heile Osbygdi tykkjest ha vore med i arbeidet.

Sjølvsagt vart dei fleste båtar laga i Øyane, Lysefjorden og i grenderne ved Bjørnefjorden, men av gamle skifter o. a. finn me at det ogso var båtbyggjarverkty hjå bønderne på Nore Neset og i Hegglandsdalen. Ja ennda til i Søftelandsbygdi laga dei båtar. Um dette berre var til eige bruk eller ogso til sal er uvisst. men truleg bygde dei båtar til sal ikring heile Osbygdi.

Kor mange båtar det i gamal tid vart bygd um året i Os, og kor mange av desse som vart seld utanfyre bygdi. er uråd a segja. Av tollrekneskapi ser me at skip fri Skottland lasta trevaror i Os og andre Sunnhordlandsbygder radt fra 1520-åri. Ein får liti greida på kva slag trevaror dei henta i den fyrste tidi, men det tykkjest mest vera timber og bord.

Fyrst for året 1577 får me nærmare greia på varorne. Det lasta då 9 skip i Os, og av dei tok eit skip inn båtar. Elles lasta dei små bjelkar, sperror, innved til farty, tunnestav, og alle 9 skipi tok inn bandestakar. I 1597 fekk 3 skip tilsaman 11 batar i Os. 7 av båtane vart lasta inn i Lindholmsund attmed Sundøy og resten i Ulfsund. I 1610 vart det seld 46 båtar frå Osbygdi til skotte- og hjelte-skip, og frametter til 1640 vart det kvart år seld båtar til skotteskipi, likevel ikkje so mange som i 1610. I 1664 vart det ikkje seld båtar til skotteskip fra Osbygdi.

Umframt Os var det Tysnes som selde mest båtar til skottane. Noko fekk dei ogso frå Fusa, Strandvik og Samnanger. Prisane var ikkje høge. I 1664 var prisen 2 daler for ein færingsbåt og 3 daler for ein trekjeiping (seksæring). Og desse prisar heldt seg nokolunde ubrigda radt fram til 1750 åri.

Treskoarbeidet hev vistnok ogso gamall rot i Osbygdi. Ei segn vil vita at treskolagingi hev sitt upphav i Tysnes, og dette er ikkje utrulegt. Det var fiskarar og andre som ferdast mykje i båt som kjøpte tresko. Elles var dei brukte under arbeidet heime i husi. Av gamle skifter o. a. finn me at det på mange gardar i Osbygdi var verkty til tresko- laging, stabbe, krakk, treskojarn, skjera, skjylp, o. s. b. og truleg var treskolagingi eit vanlegt vinterarbeid på dei fleste gardar i bygdi. Etter det ein kann skyna gjekk det meste ay treskorne til øybygderne i Hordaland, der dei hadde mest bruk for tresko og der dei ikkje sjølv hadde skog til treskovyrke.

Umframt båtar og tresko vart det ogso laga ymse andre slag trevaror i Os. Reidskap, kjørler, o. a. Det var sjolvsagt mest til bruk i bygdi, men noko vart ogso seld utanfyre. I rekneskapi for 1664 finn me at Johannes Midthus det året hadde seld treskjeier, ausor og ei tylft treskuflor til eit skotteskip, og seinare finn me at det frå Osbygdi vart seld kjørler, kjipor. skuflor og andre reidskap til Bergen.