Lyngheim
Det historiske tunet på Lyngheim i Os utanfor Bergen er driven av stiftinga «Det historiske tunet på Lyngheim» og «Vener av Lyngheim». Det er bygd på dugnad og med mange støttespelarar. Etter opninga i august 2014 har det alt utmerka seg som ein god kulturarena for formidling av tradisjonar og kulturelle opplevingar.
Stiftinga Lyngheim har i samarbeid med Os kommune og eksterne sponsorar rusta opp uteområdet Lyngheimparken for over ein halv million kroner.