19. oktober 2021: Intimkonsert på Lyngheim
Vi fekk besøk av ein duo som er sett saman av ein så sjeldan instrumentkombinasjon som harpe og bandoneon (eit lite trekkspel – ser ut som ein torader). Det var syskenparet Julie og Andreas Rokseth som kom på besøk. Musikken er inspirert av keltisk og skandinavisk folkemusikk, samt argentinsk tango. Publikum snakker om ei særegen melankolsk glede etter å ha opplevd konsertar med duoen.