21. mars 2023: Intimkonsert på Lyngheim 

Vårens første intimkonsert med duoen Austestad/Meisfjord.  Hans Martin Rundberg Austestad kjem frå Eikelandsosen og har bachelor og mastergrad i utøving frå Norges Musikkhøgskule og Universitetet i Agder. Han er songar, låtskrivar, banjoist og produsent med ein rekke utgjevingar og prisar bak seg. For tida arbeider han med å nytolke norsk og amerikansk folkemusikk på femstrengsbanjo.
Sondre Meisfjord kjem frå øya Frei rett ved Kristiansund. Han er ein meister på kontrabass, spelar og har spela med kritikarrosa grupper som Gjermund Larsen Trio, Come Shine, Erlend Viken Trio og Kari Bremnes. Dei framføre eit variert repertoar av lokal og regional folkemusikk, folk, og nokre sjølvskrivne viser, framført med kontrabass, banjo, gitar og song.

Similar Posts