31. oktober 2023 – Konsert: Aasmund Nordstoga og Åsmund Reistad

Denne gongen får vi besøk av Aasmund Nordstoga og Åsmund Reistad.  Aasmund har vi hatt besøk av før.  Han er ein av våre beste folkesongarar.  Denne gongen har han med seg strengemeister Åsmund Reistad.  På repetoaret har dei Hartvig Kirans flotte gjendiktingar av amerikanske folkelege vser, som Tom Doley og Sixteen Tons.

Billettprisen er kr. 300.  For at vi skal ha oversikt over kor mange som kjem, ber vi om at du reserverer billettar hos Thorolf Juvik – thjuvik@online.no. – eller på telefon  949 71 690. Enklaste måten å betala på er å vippsa pengar til Stiftinga Lyngheim – 95680.  Du kan og betala direkte til vår konto 3633.31.79568.  

Konserten startar kl. 19.00, men kom gjerne litt før – vi byr på kaffi og noko attåt og ein god prat frå kl. 18. Som vanleg minner vi om at den beste måten å koma til Lyngheim på, er til fots.

Similar Posts