intimkonsert på Lyngheim – torsdag 7. desember kl. 19 

Velkomen til julekonsert på Lyngheim. Vi får besøk av Marit Karlberg, Frank Henrik Rolland og Sigbjørn Apeland – dyktige og velkjende utøvarar på kvar sine felt. Dei har vore med på mange ulike innspelingar tidlegare, fleire av dei nominerte og løna med spellemannprisar. Dei inviterer oss til å lytta til dei gamle og gløymde, men vakre og særprega melodiane til advents- og julesalmane i songtradisjonen i Valdres. Songane  er fulle av høgtid og ro, skjøre, intense og frodige.

Billettprisen er kr. 300. For at vi skal ha oversikt over kor mange som kjem, ber vi om at du reserverer billettar hos Thorolf Juvik – thjuvik@online.no. – eller på telefon: 949 71 690.  Enklaste måten å betala på er Vipps til Stiftinga Lyngheim – 95680.  Du kan og betala direkte til vår konto 3633.31.79568.  

Konserten startar kl. 19, men kom gjerne litt før – vi byr på kaffi og noko attåt og ein god prat frå kl. 18. Kom og opplev den unike julestemninga i førjulstida på Lyngheim. Merk deg at konserten er på ein torsdag – ikkje tirsdag. Som vanleg minner vi om at den beste måten å koma til Lyngheim på, er til fots. 

Similar Posts