Vener av Lyngheim
Historisk er Os ei handverksbygd, med mange fine handverk frå 1800-talet. Båtbygging, husbygging og rosemåling var viktige attåtnæringar i dagleglivet. I lemstova som no er gjenreist på Lyngheim, blir ein del av den rike kulturarven teken vare på. Samlingsstaden kring den store grua i eldhuskjøkenet gir oss eit nærbilete av livet kring den opne eldstaden, av gamle handverkstradisjonar og den fargerike biletverda i rosemålinga.
Det ligg utfordringar framfor oss – derfor treng vi fleire med på laget. Lyngheim er ein fin møteplass og samlingsstad både inne og ute, i solveggen mot fjorden.
Vil du vere med?
Medlemskap kostar kr. 350,- pr. år.
Familiemedlemskap kr. 400,- pr. år.
Medlemsavgifta kan betalast til konto 3633.32.74277, merk tydelig med namn.
Har du spørsmål – ta kontakt med: Torolf Juvik, mobil 949 71 690, e-post: thjuvik@online.no
Vener av Lyngheim vart stifta 8. sept. 2011
Styret i 2024:
- Torolf Juvik, leiar
- Hans Tore Røttingen, nestleiar og skrivar
- Marit Steffensen
- Helga Tønjum
- Jørgen Blix
- Bergljot Lyssand Bjørø
- Helga Tønjum
- Jorunn Brekke (vara) og Bjørn Sivertsen (vara og kasserer)