Bøkkar

På Tønnegarden i Holmefjord har dei arbeid med tønneproduksjon i fem generasjonar.

Her har dei visningssenter i nye lokaler. I ny verkstad tilbyr bøkkaren omvisning i tønnefabrikken. Her får du sjå handverkaren i arbeid og ei unik innføring i bøkkerkunsten. Kunnskap og handtverk har vore overført frå slektsledd til slektsledd. Jostein og Oddvar er 4. og 5. generasjon bøkkarar, og dei har fått med seg lærlingen Endre for å halde liv i den gamle tradisjonen.

Her kan du lese meir om Tønnegarden

Film og foto: Ruben Soltvedt. Takk til Sparebanken Vest for støtte til formidling av handverk i Bjørnafjorden.