VESTLANDSHUS
Lemstovene og dei samanbygde husa
© Nils Georg Brekke 2018
«Jeg kjender jo best Hardanger, og husker det indtryk fjordens bebyggelse gjorde paa mig, første gang jeg som tiaaring en regngraa og sur sommerdag med øiet aat mig indover fra grænd til grænd i det nye land. Jeg kom dit dengang fra øverst i Setesdal, jeg kom fra mørkebrune, næsten svarte tømmervægge og torvtak. Det indtryk gjentok sig imidlertid hver ny gang, jeg reiste indover fjorden. Naar en fra en slik dal, eller fra Østlandet, kommer stimende paa dampbaaten dit ind fra kysten, er det først de lune, snehvite hus som slaar én. De begynder langt ute, næsten i havgapet – ytterst i Tysnes og endda længer ute… Sletten, Bømmelen, Moster – et av kulturcentrene i vor forhistoriske urold, i broncens tid – med de graa, tarefrynsede berg, som sjøsalt dynning brusende og siklende slikker og sliper, med de grønne, dyrkede sprækker… Ja, graat berg og hvileløse dynninger fra evighet av; holmer og takkete øer der ute i himmelhvælvets nederste rand hængende midt imellem luft og hav; og saa landet derinde med blaanende fjelde og fonn. Allerede ytterst skimter man i dag vestlandshusene …»
Dette er Hans E. Kincks møte med Vestlandet, landskapet og busetnaden, i hans meisterlege skildring av å oppdaga havlandet og oppleva nye stader og nye bygder, i den vesle boka «Vestlandshus» frå 1921, som han skreiv saman med Olav Hoprekstad frå Vik i Sogn. Den lyriske tonen i Kincks bilete av landskapet er dokumentarpoesi på sitt beste, på høgd med Garborgs skildring av Jæren. Og nettopp den lange vestkysten, frå Lista til Møre; det mest nedbørrike området i Norge, med tunge lågtrykk og sterke stormar frå vestavindbeltet i Nordatlanteren, er ein region prega av ein klimatilpassa byggeskikk gjennom mange århundre. Her var det samfunnsforskaren Eilert Sundt gjorde nokre av sine mest interessante oppdagingar kring midten av 1800-talet, då byggeskikken gradvis fekk det uttrykket som fascinerte Kinck ein generasjon seinare. Men Sundt hadde ein annan innfallsvinkel.
Eilert Sundt og den vestnorske byggeskikken
«Havstrilernes øer er jo næsten berømte – saa tidt har man hørt bergensernes fremstilling av den uhumskhed og stakkarsdom som der skal være», skriv Eilert Sundt i innleiinga til boka «Om Huslivet i Norge» i 1873. Teologen og sosiologen Sundt vart den sentrale granskaren av fattigdom, fantevesen og sosiale tilhøve i Norge på 1800-talet, med statsstipend i perioden 1848 – 1869. Reisene og studiane hans førte også fram til bøker om byggeskikk, husliv, husflid og arbeidsliv i norske bygder, på same tid som Ivar Aasen gjennomførte si store språkferd for å samla stoff om norske dialektar. Dette vart grunnlaget for rekonstruksjonen av det gamle norske skriftspråket, i ei tid med aukande merksemd på den kulturelle identiteten til det nye Norge, som skifta ut det danske herreveldet med svensk kongemakt i 1905.
I desse åra det veks det fram ein gryande opposisjon mot embetsmennenes kulturelle, språklege og politiske hegemoni; ei folkerørsle som fekk sitt uttrykk i partiet Venstre med parlametarismens gjennombrot i 1884. Det gav næring til sjølvkjensla hjå bygdefolk og bondesøner som etterkvart vann innpass i det akademiske livet i byane. Ein framståande representant for desse var jærbuen Arne Garborg, som kom frå dei låge, lange lemstovene i lyngheilandskapet i vest, inn til hovudstadens intellektuelle miljø. I denne tida var det enno embetsmannssønene som skreiv historia, sett frå byens synsvinkel, og det er i opposisjon mot denne kulturelle eliten vi må sjå både kjøpmannssonen Eilert Sundt frå Farsund og bondesønene Ivar Aasen og Arne Garborg, i tidsalderen for det store «hamskiftet» og samfunnsendringane i andre halvdel av 1800-talet, med utskifting av gardane og oppløysing av dei gamle fellestuna. Kvar gong Eilert Sundt drog over Jæren til skulegang i Stavanger, kunne han observera korleis dei låge jærhusa med torvtak som gjekk mest i eitt med lyngen og torvmyrane, vart avløyste av nyare stover med raude pannetak.
Likskapen mellom det låge landskapet på Jæren og dei treberre øyane på Hordalands-kysten må ha slått Eilert Sundt, både når han skriv om byggeskikken og om huslivet. Som svar på ei spørjeliste han hadde sendt ut for å få merknader til arbeidet «Om Renlighed-Stellet i Norge», hadde han fått ei utgreiing frå landhandlar Juuhl i Fjell på Sotra. Sundt skriv at av denne «meget omstændelige beretning fra Fjeld herred faar jeg en mig ganske kjærkommen udfyldelse af et hul i mine forskninger om bygningsskikken i Norge. Det var mig dunkelt, hvad slags ildsteder der kunde have været i stuerne på de skovløse øer ved kysten…».
Men det skulle visa seg at det var ein mangel i Eilert Sundts datagrunnlag også på andre felt. I boka om byggeskikken hadde han kome til den oppfatning at det på 1800-talet går føre seg ein prosess med å flytta saman stove, eldhus og bu under same tak i mange av Vestlandsbygdene, for å få ein høgare bustadstandard, slik at bondekonene skulle sleppa å måtta springa hus-imellom vinterstid og i vind og regn. Heilt overtydd om denne utviklinga vart han då han på ei av sine reiser ein dag i 1850-åra kom til ein Ryfylkebonde som var i ferd med å flytta bua inntil stova.
Dette vart ei aha-oppleving for Eilert Sundt: nettopp slik måtte det vera at dei lange lemstovene og jærhuset hadde utvikla seg, med stavbygde skutar og svaler kring dei tømra innerromma – stove og bu. Men enno skulle det gå hundre år før vi fullt ut har skjøna samanhengen i den historiske utviklinga. Det Sundt ikkje kjende til, er dei tuftene som har lege løynde under torva heilt fram til dei arkeologiske utgravingane etter midten av 1900-talet. Dei små kystgardane som er blitt undersøkte på Lurekalven i Lindås og på Høybøen på Sotra, dokumenterer at dei funksjonsdelte fleirromshusa – vedhus, eldhus, stove og bu i ulike kombinasjonar – openberrt viser oss mellomalderens byggeskikk på vestkysten. Utviklinga frå mellomalderen til 1800-talet ser såleis ut til å vera den motsette av det Eilert Sundt tenkte seg!
Dei samanbygde anlegga – frå mellomalder til nyare tid
På den vesle øya Lurekalven, som høyrer til utmarka på garden ytre Lygra i Lindås, vart det gjennom arkeologiske utgravingar i 1965-66 avdekka tufter etter ein gard som truleg har vore busett frå 700-talet og fram til 1350, til svartedauden, då garden vart liggjande som øydegard (S. Kaland 1979). Det er tufter etter eit tun med tre bygningar; eit langhus med fleire rom, eit «kårhus» og ei stavbygd løe. I det lange huset viser steinsetjingane fire rom: frå sør det som truleg kan ha vore ei stavbygd skykkje eller reidskapsrom, eit eldhus med midtstilt åre, ei stove med spor etter hjørnestilt røykomn og eit bu mot nord, litt lågare i terrenget. På vestsida er det steinrekkjer som viser spor etter det som truleg har vore ein smal svalgang, og vest for langhuset har det lege ei «kårstove» med åre i midten og eit inngangsparti, eit skot. Nord for desse har det lege ei grindbygd løe, med ei sidesval mot tunet.

Det vi ser her, er ein liten gard frå 1200-talet, med bygningar i tunet som er svært like dei vi kjenner i desse bygdene mange hundreår seinare. Det er dei same funksjonane i det daglege hushaldet, det er dei same byggemåtane, og det er mange av desse samanbygde langhusa med eldhus, røykstove og bu, som får lem over røykstova og blir ombygde til lemstover på tidleg på 1800-talet. Samanhalde med dei innhaldsrike skriftlege kjeldene vi finn på 1700-talet i Lyseklostergodsets åbotsprotokollar, om vøling og vedlikehald av husa på gardane, ser vi at dette er ein modulbasert byggeskikk med nær sagt alle variantar over nokre få hovudtypar, av bygningar i stav, tømmer og stein, og store vernemurar mot vestavinden.
Det same ser vi i tunet på Høybøen på Vindenes på Sotra. Denne har også lege som ein ukjend øydegard heilt fram til kring 1980. Då kom dette interessante gardsanlegget for dagen, under utgravingane før dei planlagde utbyggingane for oljeindustrien på Vindenes (K. Randers 1981). Garden har vore i bruk fram til 1349-50, og det er nokså sikre halde-punkt for ein bruksperiode mellom 1100-talet og 1300-talet, då garden vart liggjande øyde etter svartedauden. Kanskje kan Høybøen ha hatt fleire bruksperiodar.
I tunet på denne garden ligg det tufter etter to parallelle langhus, orienterte aust-vest, med ein hellegang mellom. Etter steinsetjingane frå grunnmuren å døma har det lengste huset hatt to rom med ein midtgang mellom, og kanskje ei skykkje eller ein verkstad lengst mot vest. Arkeologane tolkar rommet vest for midtgangen som eit eldhus med hjørnestilt eldstad, og det største rommet som flor. Det litt kortare langhuset har to rom med ein midtgang mellom, og ein skut eller ei skykkje mot aust. Dette har truleg vore bua og stova på garden. Langs stova med skykkja i gavlen ser det ut til å ha vore ein svalgang, og truleg ein liten kleve langs bua. Dei breie steinsetjingane i langveggen mot nordvest kan tyda på ein vernemur i stein. I stova er det spor etter ein eldstad midt på langveggen mot sør, og her ville Eilert Sundt ha funne svar på sitt spørsmål om eldstadene i stovene på dei skoglause øyane i vest. Her har det tydelegvis vore ein åre midt på ytterveggen, og kanskje har det vore ein trekanal over som leia røyken opp mot ljoren i mønet.
Det vi ser, både på Lurekalven og på Høybøen, er hus med fleire rom som ligg på rekkje, med skutar, skot og svaler kring hovudromma, slik vi kjenner prinsippet i fleirroms-husa av den typen som framleis står på Boga på Radøy og på Førland i Austrheim. Om ein skal kalla desse funksjonsdelte husa for langhus kan vera eit definisjonsspørsmål. Det er samanbindinga av dei sentrale funksjonane i hushaldet under eitt eller fleire tak som er det interessante her: skykkje, stove, eldhus og bu med loft, i mange variantar. I mellomalderen er det tydeleg at både langhus og mindre einskildhus har funnest side om side, avhengig av funksjon, terrengsituasjon og plassering i tunet.
Eit gardshus som som liknar på Høybøen, er det samanbygde anlegget i det store rekkjetunet på Ytre Fosse i Alversund, slik det låg på 1800-talet. På dette bruket i felles-tunet har den tømra bua og stova hatt ein liten gang mellom, og eit eldhus ved sida av stova. Frå eldhuset kjem ein ut i «kavlen» – som har vore ein breid mellomgang dekt med rundstokkar truleg over eit våtlendt parti (dette var ein vanleg måte leggja vegar over myrer i vikingtida, og i vår tid det er kavlar av kork som held nøter og garn oppe) – og frå denne gangen kjem ein inn i floren. Det er dører med innvendig samband mellom alle rom, frå bua mot nord til floren i sør, og langs eldhuset og stova er det ei stavbygd sval, med ein tømra kleve langs bua. På austsida av langhuset ligg «Litlastova», med stavbygt skot som inngang mot nord og stavbygd skykkje eller skut i sør. Rekkjetunet på Ytre Fosse, som viser samanbygginga av løer og lemstover i ulike kombinasjonar, er ein del av det materialet som lokalhistorikaren Johan Litleskare d.e. og hans sambygdingar samla inn i 1920-åra om eldre byggeskikk frå 1700- og 1800-talet i kystbygdene i Nordhordland. Mange av desse husa peikar openberrt bakover mot seinmellomalderen, når vi samanheld dei med tuftene som er blitt avdekka gjennom dei arkeologiske utgravingane.

Samanliknar vi Høybøen og Ytre Fosse med det gamle langhuset på «Berget» i Ovågen, ser vi straks interessante parallellar. Opphavleg høyrde dette fleirromshuset, som i dag er flytt til Hordamuseet, til i fellestunet på Oni, saman med 5-6 andre bustadhus. Der dette huset låg i tunet på Oni har det hatt det ein stor steingavl mot sør. Innanfor stein-gavlen var det ein torvskut som har samband med ei sval på austsida framfor inngangsdøra. Så kjem eit framrom eller eldhuskjøken og grue, deretter ei stove med lem og ein mellomgang som vart kalla «nede i buo» eller «Ildstovo» og så ei bu med tømra kleve langs vestveggen. Tidlegare låg det også ein stavbygd kleve langs austveggen og eit rom kalla «børo»; her lagra dei korn i ei stor «kornbøre» (kornkiste). I dette anlegget er det mange spor som fører oss bakover mot mellomalderen byggeskikk, slik vi ser det på Høybøen og på Lurekalven, men samstundes ser vi at dette huset har fleire fellestrekk med lemstovene i neste generasjon.
Lemstovene på 1800-talet
Og det er nettopp slik 1800-talets lemstover får form, gjennom ombyggingar og saman-byggingar av eldre hus frå 1700-talet. I kystbygdene og innover i fjordane ser vi mange av desse gardshusa som har vore samanbygde av ei røykstove open til mønet og ei bu med lem eller loft over, med ulik mønehøgd på stove og bu. Bua var utan eldstad og kunne ha loft i andre høgda, slik det kan ha vore på Høybøen alt i mellomalderen. Mange av desse samanbyggingane av røykstove og bu blir ombygde tidleg på 1800-talet, røykomnen blir riven ned og teken ut, det blir sett inn jernomn med skorstein, ljoren blir fjerna og det blir lagt lem over røykstova. Ofte får denne lagt på nokre omfar med tømmer for å få same høgd som på bualoftet, og heile bygningen får eitt langt tak over stove, eldhus og bu, og gjerne ei innkledd skykkje i gavlen. Stovelemmen var oftast sovestaden for husets folk, medan bualemmen eller bualoftet var staden der ein også kunne hysa gjester. Slik blir dei samanbygde husa på 1700-talet til lemstover på 1800-talet – ein refleks av folkeauke og plassbehov. Dette blir det typiske gardshuset på mange gardar, før sveitserstilen overtar mot slutten av 1800-talet. Dei aller fleste av lemstovene har ei tømra stove og ei tømra bu med kjøken og grue og midtgang mellom – ofte det tidlegare eldhuset – og gjerne med eit endekammers, sval og skut eller skykkje innanfor ytterkledningen, som då var blitt vanleg på innhusa.
Og mange av dei ombygde lemstovene får symmetriske fasadar. Panelarkitekturen på slutten av 1700-talet og tidleg på 1800-talet i ein by som Bergen er prega av klassisismens og empirens symmetriske plan, med midtgang og kjøken mellom to stover. Dette har fått einskilde bygningsforskarar til å tenkja seg at dei symmetriske lemstovene med midtgang primært er ein påverknad frå byggeskikken i byen. Men som vi ser, har den funksjonsdelte byggemåten, med stove og bu kring midtgang med kjøken eller eldhus, langt eldre røter enn dette. Når fiskarbøndene skulle byggja seg nye gardshus i Øygarden, var det vanleg å skaffa seg bygningstømmer frå fjordbygdene lengre inne. Der var det gardar med god skog. Ofte kunne ein få tak i eldre tømmerhus; ei stove frå èin stad og ei bu frå ein annan stad, og gjerne var bua mindre enn stova, slik at det vart plass til ei langsval eller ein kleve innanfor ytterkledningen – ei funksjonell utnytting av alle rom. Denne næringssymbiosen mellom kystbygdene og fjordbygdene går truleg tilbake til sein vikingtid og tidleg mellomalder.

Det er openberrt mellomalderens hus vi ser spora av i 1800-talets vestlandshus. Vi kan observera at mange av lemstovene på 1800-talet som har utvikla seg frå røykstove, eldhus og bu på 1600- og 1700-talet, er bygde saman i vekslande kombinasjonar. Og når eldstaden i husa blir endra tidleg på 1800-talet, der røykomnen i stova blir erstatta av jernomn med pipe, ofte i tilknytting til ei grue i eldhuskjøkenet, og det blir det lagt lem over stova – då blir røykstovene til lemstover. Det vil seia at lemstovene ikkje primært må oppfattast som ein «type», men som resultatet av ein prosess gjennom fleire hundre år. Då får vi det rette perspektivet på den historiske utviklinga.