Mames Babegenush i Vognhallen 29. oktober kl. 19.00

Tirsdag 29. oktober får vi besøk av eit orkester som har vore hos oss før – og det var ein stor suksess.  Dei har eit vanskeleg namn – Mames Babegenush – men musikken deira er ikkje vanskeleg å lika.  Førre gong dei var her (i Solbakkestova) var det korona, men det var likevel vanskeleg å sitja stille på stolane. Dei spelar klezmermusikk, som er lyden av fest og feiring i lave landsbyar i Romania og Ukraina, i bygårdar i Russland og Ungarn.  Denne gongen har vi lagt konserten til Vognhallen, slik at fleire kan få høve til å møta desse fem hyggelege danske karane.

Billettpris er kr. 300.  Du kan reservera billettar hos Thorolf Juvik thjuvik@online.no – eller på telefon 949 71 690. Du kan òg Vippsa pengar til Stiftinga Lyngheim – # 95680, eller betala direkte til vår konto 3633.31.79568.

Konserten startar kl. 19, men dørene opnar kl. 18.30.  Vi kan diverre ikkje vi by på kaffi og noko attåt i Vognhallen, men ein god prat er det tid til. Ikkje gå glipp av dette fyrverkeriet – Mames Babegenush får fyr i teltet!

Beste helsing

Stiftinga Lyngheim og Vener av Lyngheim

   

Similar Posts