konsert 11. februar – Tuva Færden og Luiz Murakami
Lyngheim tirsdag 11. februar kl. 19.00
Godt nytt år til alle våre trufaste konsertgjengarar. Nytt år betyr nye konsertopplevingar på Lyngheim. Første konserten er eit samarbeid mellom Tuva Færden og Luiz Murakami. Tuva Færden spelar lyre, hardingfele og syng. Luiz Murakami fra Brasil (halvt japansk) spelar gitar og japansk shakuhachi-fløyte, og syng. Dette blir spanande!
Billettprisen er kr. 300. For at vi skal ha oversikt over kor mange som kjem, ber vi om at du reserverer billettar hos Thorolf Juvik – thjuvik@online.no. – eller på telefon/SMS til han – 949 71 690. Enklaste måten å betala på er å vippsa pengar til Stiftinga Lyngheim – 95680. Du kan og betala direkte til vår konto 3633.31.79568. Men husk – registrere deg hos Thorolf, slik at vi veit når vi må setta strek for påmelding.
Konserten startar kl. 19, men kom gjerne litt før – vi byr på kaffi og noko attåt og ein god prat frå kl. 18. Velkommen til ei magisk oppleving på Lyngheim! Som vanleg minner vi om at den beste måten å koma til Lyngheim på, er til fots.
Beste helsing
Magne Brekke – tel 901 64 179 og Torolf Juvik – tel 949 71 690