konsert 29. april kl 19.00

Velkomen til ny konsert på Lyngheim. Det er alltid stas når vi kan innby til konsert med lokale musikarar, og ekstra stas når vi kan promotera unge talentfulle musikarar som satsar for fullt på musikken. Det gjer Hans-Marius Johnsen verkeleg. Han skal på turnè i inn- og utland der han lanserer ny plate, og vel å starta turnèen på Lyngheim. Det er stas! Han har lova å presentera ein nedstrippa versjon av musikken sin, som passar til ein intimkonsert i lemstova.
Billettprisen er kr. 300. For at vi skal ha oversikt over kor mange som kjem, ber vi om at du reserverer billettar hos Thorolf Juvik – thjuvik@online.no. – eller på telefon/SMStil han – 949 71 690. Enklaste måten å betala på er å vippsa pengar til Stiftinga Lyngheim – 95680. Du kan og betala direkte til vår konto 3633.31.79568. Men hugs å registrera deg hos Thorolf, slik at vi veit når vi må setta strek for påmelding. Gå ikkje glipp av dette lokale, men store, talentet.
Konserten startar kl. 19, men kom gjerne litt før – vi byr på kaffi og noko attåt og ein god prat frå kl. 18. Som vanleg minner vi om at den beste måten å koma til Lyngheim på, er til fots.
Beste helsing
Magne Brekke og Torolf Juvik