konsert tirsdag 8. april kl. 19.00
Velkomen til ny konsert på Lyngheim – denne gongen med One Way Out. Dei har spesialisert seg på akustisk musikk frå sørstatane i USA. Dei byr på a cappella gospelsang, suggererande blues og fjellmusikk frå Appalachia, med meir. Gruppa består av Jørgen Sandvik, David Vogt og Jan Petter Myklestad, kjende bl.a. frå Real Ones og Kniv og Taffel. Dei syng alle tre, og spelar henholdsvis gitar, fiolin og munnspel. I fjor hadde vi besøk av David Vogt og Jørgen Sandvik med Kniv & Taffel, og då vart det full fyr på Lyngheim! Det trur vi vil skje denne gongen òg. Løp og kjøp! 😊
Billettprisen er kr. 300. For at vi skal ha oversikt over kor mange som kjem, ber vi om at du reserverer billettar hos Thorolf Juvik – thjuvik@online.no. – eller på telefon/SMS til han – 949 71 690. Enklaste måten å betala på er å vippsa pengar til Stiftinga Lyngheim – 95680. Du kan og betala direkte til vår konto 3633.31.79568. Men hugs å registrera deg hos Thorolf, slik at vi veit når vi må setta strek for påmelding. Her blir det rift om billettane!
Konserten startar kl. 19, men kom gjerne litt før – vi byr på kaffi og noko attåt og ein god prat frå kl. 18. Som vanleg minner vi om at den beste måten å koma til Lyngheim på, er til fots.
Beste helsing Magne Brekke og Torolf Juvik